Arbeidstidene til dette teamet er måndag til fredag frå 08.00-15.30.
Du kan nå teamet mellom 08.00 -15.30 på kvardagar på telefon 489 90 941.
Metode og struktur
Busosialt team skal jobbe etter Housing first metoden. Eit av dei overordna målet i metoden er å støtte betringsprosessar hjå brukaren, dette vert og kalla recovery.
Me skal respektera brukarane i møte med dei «der dei er», vera fleksible og tilgjengelege og bruka tid på relasjonsbygging. Teamet skal vera ein støttespelar i endringsarbeidet til den enkelte.
Primærkontakt skal ha ansvar for kva som er viktig i høve den einskilde brukar og sjå til at Busosialt team følg dette opp.
Busosialt team skal driva lågterskel busosialt arbeid i Stord kommune. Teamet skal gje brukaren ei heilskapleg teneste i høve den enkelte sitt behov.
Me skal hjelpe brukarane til å få trygge og verdige butilhøve, der meistring og myndiggjering for brukarane er sentrale verdiforankringar. Busosialt team si rolle er å motivere gjennom praktisk bistand og opplæring slik at brukarane klarar å ta ansvar for eige liv.
Tenesta kan blant anna innehalde; Hjelp til å søkje bustad, hjelp til å behalde bustad, vekentlege tilsyn i bustad, økonomisk rettleiing, hjelp til å søkje behandling, hjelp til å kontakte fastlege og NAV mm.
Busosialt team har følgjande sentrale tema
Valfriheit i teneste og bustad
Respekt, varme og medkjensle hjå medarbeidarar
Seperasjon mellom bustad og tenester (dvs at brukar ikkje mister teamet, sjølv om vedkommande vert kasta ut av bustaden).
Skadereduksjon i fokus (vekentlege tilsyn av teamet)
Teamet har tett samarbeid med andre instansar; fastlege, DPS, spesialisthelsetenesta, NAV mm. Er med i ansvarsmøter.
Innsøkjingsrutinar; skjer i samarbeid med busosialt team og NAV-Stord kommune.