Hamna vil vere ein meinigsfull møteplass. Gjennom aktivitet og sosialt samvær ynskjer me å skapa inspirasjon og trivnad i kvar einskild sin kvardag.
Hamna er eit lågterskel tilbod. Det vil seia at du ikkje treng vedtak for å koma å bruka senteret. Om du sjølv meinar du treng Hamna er du hjarteleg velkommen.
Tilbodet er for dei som er fylt 18 år og oppover.
Tilbod og aktivitetar
På Hamna er det mykje forskjellig ein kan drive med i tillegg til kaffi og den gode samtalen.
- Syrom
- Biljardrom
- Treningsrom, Tabata
- Eit godt kjøkken
- Malerom
- Uteareal m/ bakstehus, grillhytte og hage
- Me har vevar, gitar og piano, me har gode og meinigsfulle samtalar og me har ulike turar og arrangement i løpet av året.
Ung hamna
Ein meinigsfull møteplass for deg mellom 18 og 40 år.
Kvar torsdag frå klokka 10-15
Ein kvardag med aktivitet, samhald og gode samtalar. Me tilbyr:
- Mat
- Biljard
- Spel
- Maling
- Syrom
- Trening
- Turar
- Kino
- Bowling
- Håndarbeid m.m
Oppstart 4. april.
Ta kontakt for meir informasjon på tlf. 975 52 115.