Pårørandegruppe
I denne gruppa deltek pårørande av personar med psykisk- og/eller rusproblematikk av varierande grad, og/eller personar som har mista nære som følge av psykisk helse- og/eller rusvanskar. Hovudfokuset i gruppa er å skape rom for den gode samtalen.
Kontaktpersonar
Ina Blikra Valvatna: 907 31 606
KID-kurs (depresjonsmeistring)
Stord Kommune tilbyr kurs i depresjonsmeistring, eit samarbeid mellom frisklivssentralen og avdeling psykisk helse og rus.
Om kurset
Kurs i Meistring av Depresjon (KiD) er eit kognitivt basert kurs for vaksne som er nedstemd/deprimert, eller som har erfaring med depresjonssymptom.
KiD er basert på kognitiv åtferdsteori som er ein godt dokumentert metode for å behandla depresjon. Kurs som tiltak er godt dokumentert som effektivt, på linje med individuell kognitiv terapi.
Nokre vanlege teikn på depresjon
Nedstemthet
- Fråvær av glede
- Tap av energi
- Mindre kontakt med andre
- Tankar om skuld og verdiløyse
- Søvnproblem
- Grubling
- Konsentrasjonsvanskar
Endra handlingsmønster
Ved depresjon vert måten den enkelte tenkjer på endra, dette bidreg til at tankane vedlikeheld og forsterkar tungsinn. Endringar i tankar skaper ein negativ tanke- og kjenslesirkel, som igjen fører til mindre energi, ein føler seg meir utslitt og vert mindre aktiv.
Målet er å gje deltakarane auka innsikt i korleis belastingar påverkar tankar, kjensler og handlingar.
Ein skal læra å kjenna attende og endra tolkingar og handlingsmønster som ikkje er føremålstenlege, samt få kjennskap til teknikkar for å førebyggje overbelasting.
Du treng ikkje tilvising frå lege for å gå på KID-kurs, men du må vera over 18 år og klar for å gjera ein innsats sjølv. Det er ikkje terapi, det er kognitive teknikkar og heimelekser.
Pris
Kroner 550,- inkludert kurshefte og enkel servering under samlingane (kaffe, te, kjeks og frukt).
Kursleiarar
Sissel M. E. Øvrebø Psyk. sykepleier
Linn S. Kvamsøy Psyk. sykepleier
Påmelding
Silje Nordtveit Leivestad: 53 40 31 65/926 47 103
Sissel M. E. Øvrebø: 975 52 010
Frida Andreassen: 901 28 478