Planen er også ein temaplan.
Kommunen har ansvaret for å samordna alt trafikksikringsarbeid i Stord og spelar ei aktiv rolle med å fremja framlegg til tiltak, samt påverka dei prioriteringar som også vert gjort på statlege og fylkeskommunale vegar. Trafikksikringsplanen vil i den samanheng vera det dokumentet som skal synleggjera kva kommunen ynskjer å prioritera.
Trafikksikringsarbeidet omfattar ikkje berre fysiske tiltak på vegnettet, men også i stor grad haldningsskapande arbeid.