Me arbeider no med ny kommunedelplan for kulturminne. Les meir her.
Kommunedelplanen for kulturminne og kulturmiljø er todelt: ein kulturminneplan og ein eigen bygningsvernplan, som tek for seg bygningsvern spesielt.
I planen vert kommunen delt inn i seks geografiske område. Dette er gjort for å få fram kvart område sine sermerke med tanke på topografi, naturforhold og historisk utvikling.
I kulturminneplanen er det med ein del enkeltbygg som ikkje er med i bygningsverndelen, men som utgjer viktige deler av verneverdige kulturmiljø.