Statlege planar
Statleg plan kan nyttast i situasjonar der det ikkje kan forventast at den ordinære kommunale planlegginga vil føre til et resultat som kan verta godteke av staten. Vedkommande kommune skal i naudsynt grad bistå departementet i arbeidet, for eksempel i samband med høyring og utlegging til offentlig ettersyn og tiltak for å sikre god medverknad.
Nasjonal transportplan
Nasjonal transportplan (NTP) presenterer regjeringa sin transportpolitikk. Viktige mål er effektiv bruk av verkemiddel og styrka samspel mellom transportformane. Nasjonal transportplan 2022–2033 blei lagt frem 19. mars 2021.
Her finn du nasjonal transportplan
Regionale planar
Ei viktig oppgåve for Hordaland fylkeskommune er å utarbeide regionale planar. Planane skal ligge til grunn for fylkeskommunal verksemd og er retningsgjevande for kommunal og statleg planlegging og verksemd i fylka. Fylkestinget er planmyndigheit.
Regional plan kan gjelde for heile fylket, for delar av fylket, eller ta opp avgrensa tema for heile eller delar av fylket. For regional plan skal det utarbeidast planprogram som grunnlag for planarbeidet. Til alle regionale planar blir det utarbeidd handlingsprogram som skal rullerast årleg.
Kva planar fylkeskommunen skal arbeide med vert avklart gjennom regional planstrategi.