Politisk reglement og retningslinjer, herunder etiske retningslinjer
Reglement for kommunestyret, formannskapet og kommunestyret sine utval, samt fullmakter gitt av kommunestyret og etiske retningslinjer for politikarane og administrasjonen.
Delegasjonsreglement frå kommunestyret til andre folkevalde organ og kommunedirektør
Delegasjonsreglement frå kommunestyret til andre folkevalde organ og kommunedirektør (PDF)
Omhandlar kommunestyret, formannskapet, utvala og andre representative kommunale styreorgan si delegering av mynde og avgjerdsrett til kommunedirektøren.
Dokumentet gir også informasjon om avgjerdsrett innanfor visse saksområde som kommunedirektøren igjen kan delegera til einingsleiarane.
Delegasjonsreglemen frå kommunedirektøren til einingsleiarane
Delegasjonsreglement frå kommunedirektøren til einingsleiarane (PDF)
Omhandlar kommunedirektøren si delegering av avgjerdsrett til einingsleiarane, og - innanfor visse saksområde - delegering av avgjerdsrett som einingsleiarane igjen kan delegera til fagansvarleg innanfor einingane.
Økonomiregelement for Stord kommune
Økonomiregelement for Stord kommune (PDF)
Økonomireglementet for Stord kommune omhandlar dei overordna reglane for den økonomiske styringa av kommunen. Reglementet vart vedteke av kommunestyret 31.03.2016 og sist revidert 18.05.2017.
Reglementet gjeld for folkevalde organ og administrasjonen og skal dokumentera ansvar og mynde og sentrale rutinar.