Møtekalender og forfall

Møtekalender 2024

Om du som medlem eller innkalla varamedlem har gyldig forfall til eit politisk møte, skal du sende inn Melding om forfall til politisk møteså snart som mogleg. 

Gildskap/habilitet

Den som er ugild i ei sak, jf. kommunelova § 11-10, og reglane om gildskap i forvaltningslova kap. II, skal ikkje vera med å drøfta eller avgjera ei sak. Når du skal handsama ei sak som folkevald må du vurdera om du eller ein av dine næraste har ei interesse i saka. Det kan dreia seg om økonomiske interesser, eller at du eller dine næraste har ei rolle som eigar, styremedlem eller dagleg leiar i eit selskap. 

Som folkevald vil du vera ugild om du har tilknytning til ei sak, eller partar i saka, som er eigna til å skapa tvil om du vil handsama saka på ein objektiv og upartisk måte. 

Spørsmål om gildskapmå vurderast frå gang til gang. Om du er i tvil om du er gild, må du gi beskjed til politisk sekretariat så snart som mogleg slik at me kan vurdera med utgangspunkt i den informasjonen du har gitt. 

Fritak frå politiske verv

Kommuneloven § 7-9 seier kva som gjeld når ein folkevald fråtrer vervet (når ein ikkje lenger er valbar ved f.eks flytting),  og ved søknad om fritak frå politiske verv. 

Du kan søkja om fritak dersom det er vesentleg ulempe for deg å ha vervet.

Du må melda frå om flytting eller søkja om fritak frå politiske verv til kommunen, og det er kommunestyret som vil handsama søknaden.  

 

 

Melda frå om utmelding av politisk parti

Du må melda frå om utmelding av politisk parti til kommunen. Du må sjølv melde deg ut av partiet og eventuelt inn i nytt parti. 

Godtgjersle og tapt arbeidsforteneste

Stord kommune si forskrift om folkevalde si godtgjersla § 12 seiar at den faste godtgjersla skal utetalast 2 gonger pr. år (juli og desember), med unntak av ordførar, varaordførar, utvalsleiarar og leiar i kontrollutvalet som får leiargodtgjersla utbetalt med 1/12 del pr. månad. 

Timegodtgjersle vert utbetalt i desember månad kvart år. Det vert ikkje betalt feriepengar for godtgjersle. 

Tapt arbeidsfortenestekan krevjast for politiske møter du er innkalla til. Du må leggja med dokumentasjon som stadfester tap av inntekta. 

Folkevalde kan få dekt reiseutgifter til møte, i samband med synfaringar, pålagde konferansar og liknande i samsvar med kommunale skyssregulativ til ei kvar tid. Reiserekning (word)skal sendast til politisk sekretariat på post@stord.kommune.no 

For at kommunen skal kunne utbetale godtgjersle og/eller tapt arbeidsforteneste treng me personopplysingar i samband med politisk verv

Forslag, spørsmål og interpellasjonar

I politiske saker til kommunestyret og utvala (OKU, RHO og BUT), kan medlemmer og varamedlemmer som er til stade  fremja Forslag til vedtak/endring/tillegg/utsetjing av politisk sak (fyll i PDF)Forslaget skal sendast på e-post til møtesekretær på førehand eller i møtet.

Utanom dei sakene som står i innkallinga kan medlemmer og varamedlemmer som skal vera i møte, retta Interpellasjon og spørsmåltil ordførar/leiar. 

Dersom eit spørsmål er sett fram kort tid før møtet eller under møtet, kan ordførar/leiar nøye seg med eit kortfatta munnleg svar med ein gong og supplere dette med eit meir fyldig svar i neste møte. Spørsmål av prinsipiell art, der det vert føresett meir omfattande svar og ev. debatt, vert å handsama som interpellasjon. Interpellasjonar skal meldast skriftleg minst 10 dagar før møtet. 

 

Reglement for kommunestyret, formannskapet og kommunestyret sine råd og utval

Alle folkevalde i Stord kommune skal gjera seg kjent med politisk reglement og retningslinjer, delegasjonsreglement frå kommunestyret til andre folkevalde organ og kommunedirektør, forskrift om godtgjersle til folkevalde og økonomireglementet til Stord kommune. 

Du finn reglementa under politiske reglement.

Folkevaldopplæring

KS Folkevaldprogram 2023-2027 er eit tilbod til alle folkevalde i kommunestyrer, fylkesting, utval og bydeler i heile landet. 

Stord kommune har hatt to dagar med folkevaldopplæring i regi av KS, etter kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023. 
Agenda folkevaldopplæring dag I 15.12.2023 finn du på følgjande lenke: Utvalsmøte (elementscloud.no)
Agenda folkevaldopplæring dag II 26.01.2024 finn du på følgande lenke: Utvalsmøte (elementscloud.no) 

I tillegg kan du som folkevald gå direkte inn på KS sine eigne sier å finne nyttig informasjon: 

 

KS Styrevervregister

Styrevervsregisteret er oppretta av KS som eit webbasert register der folkevalde, tilsette og styremedlemmar kan registrera informasjon om sine verv og økonomiske interesser. Ver merksam på at grunnlagsdata i Kommuneregisteret vert løpande oppdatert av kommunen og KF.

Som folkevald i Stord kommune kan du kontrollera opplysningane om deg sjølv på StyrevervregisteretSøk opp namnet ditt, og sjå kva som er registrert. 

Du kan kva tid som helst oppdatere opplysningane under menyvalet “Logg inn for vervinnehavere”. Her kan du loggje deg på med ID-porten til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). På same nettsida kan publikum gjera oppslag.