Medlemmar
Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemmar og minimum ein av desse må vera medlem av kommunestyret. Leiar i utvalet kan ikkje vera medlem av same parti eller tilhøyre same gruppe som ordførar. Medlemmane og varamedlemmane kan ikkje vere representerte i andre politiske utval. Utvalet er heimla i kommunelova kapittel 23 og forskrift om kontrollutvalg og revisjon kapittel 1
Leiar: Tarjei Aamot Haga (Ap)
Nestleiar: Nils Magne Blålid (SV)
Medlem | Parti | Vara |
---|---|---|
Randi Høgås Nesse | Uavhengig |
|
Fredrik Litleskare | H |
|
Tarjei Aamot Haga Inga Margrethe Fagerbakke | Ap |
|
Nils Magne Blålid | SV |
|
Oppgåver
Kontrollutvalet skal føra tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne. Hovudføremålet til kontrollutvalet er å medverka til at det er ålmenn tillit til at kommunen sine oppgåver vert løyste på best mogleg måte og i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og politiske vedtak. Vidare skal kontrollutvalet sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.
Til hjelp i dette arbeidet får kontrollutvalet utført rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon av verksemda i kommunen og av verksemda i selskap kommunen har eigarinteresser i, eigarskapskontroll av selskap kommunen har eigarinteresser i og andre kontrolloppgåver ved bestillingar til den valde revisor.
Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet, kan ikkje leggast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen.
Det er laga eige reglement for kontrollutvalet i Stord kommune som du finn her.
Revisjonsrapportar
Kontrollutvalet rapporterer resultatet av sitt arbeid til kommunestyret. Revisjonsrapportar etter gjennomførte revisjonar finn du her:
- Eigarskapskontroll av overordna eigarskapsforvaltning
- Forvaltningsrevisjon av effektivitet og kvalitet i tenester til personar med utviklingshemming
- Forvaltningsrevisjon førebyggjande arbeid for barn og unge
- Mai 2021 Revisjonsrapport om Forum for Oppvekst i Sunnhordland (FOS)
- Mai 2021 Rapport frå forvaltningsrevisjon innan bereskap
- Febr. 2020 FR Plan og byggesakshandsaming
- Apr. 2019 FR Psykisk helsearbeid og rusomsorg
- Nov. 2019 Selskapskontroll Podlen verkstad AS
- Sept. 2018 FR Offentlege anskaffigar og kontraktsoppfølging
- Apr. 2018 FR Prosjektstyring og oppfølging av investeringa
Den valde revisor
Stord kommune har inngått avtale med Deloitte om kjøp av revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, eigarskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontrolloppgåver i regi av kontrollutvalet.
Sekretariat for kontrollutvalet
Stord kommune kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet hjå Sekretariat for kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune.
Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter. Døme; føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Sekretariatet pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg.
Årsmeldingar
- Årsmelding for kontrollutvalet 2024
- Årsmelding for kontrollutvalet 2023
- Årsmelding for kontrollutvalet 2022
- Årsmelding for kontrollutvalet 2021
- Årsmelding for kontrollutvalet 2020
- Årsmelding for kontrollutvalet 2019
- Årsmelding for kontrollutvalet 2018
- Årsmelding for kontrollutvalet 2017
- Årsmelding for kontrollutvalet 2016