Kommunedelplanen for oppvekst er Stord kommune sitt overordna styringsdokument for alle tenester som famnar barn og unge og familiane deira. Planen har fått namnet «Alle me(d) – heile vegen» og byggjer på Stord kommune sin visjon «Saman om utvikling og velferd».
«Alle me(d) – heile vegen» peikar framover, og syner overordna mål og strategiar for heile oppvekstfeltet. Planen skildrar kommunen sine oppgåver på oppvekstfeltet og prinsipp for korleis barnehagar, skular og andre kommunale tenester skal samarbeida, samt korleis dei kommunale tenestene i samarbeid med innbyggjarane kan skapa gode oppvekstvilkår.