Kommunedelplanen skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning og utbygging av Huglo med tilhøyrande sjøareal. Me gjer merksam på at kommuneplanen som vart vedteken 15.12.2011 og gjeld for området.
Dersom anna ikkje vert bestemt, skal arbeid, tiltak og frådeling av eigedom ikkje vera i strid med føresegner eller arealbruk fastlagt i arealdelen til kommunedelplanen og kommuneplanen.
Planområdet omfattar øya Huglo, med tilhøyrande øy/øygrupper Storsøy, Storholmen, Rubbholmen og Tveitøyane.
Hovudmålsetjing
Hovudmålsetjinga ved planarbeidet er å utvikla Huglo til eit robust, berekraftig og triveleg lokalsamfunn for fastbuande og vitjande. I planarbeidet er det lagt hovudvekt på arealdelen med fokus på område for bustader, fritidsbustader og næring.
Plandokument
Kommunedelplanen består av planomtale med konsekvensutgreing, arealkart og føresegner og retningsliner for arealbruken. Det er vidare utarbeidd delrapportar om strandsonekartlegging, kulturminne og kulturmiljø og ROS-analyse. Innkomne merknader er gjennomgått og særskilt vurdert i eigen kommentardel.
Hovudrapport
Delrapportar som ikkje inngår i hovudrapporten
- Strandsonekartlegging på Huglo
- Kulturminne og kulturmiljø
- ROS-analyse
- Innspel til kommunedelplanprosessen
Andre dokument
Papirutgåve av plandokumenta er tilgjengeleg hjå i rådhuset, Stord folkebibliotek i kulturhuset og butikken på Huglo.