Kommuneplanen består av to delar: ein samfunnsdel med mål og strategiar som fortel i kva for retning me vil at samfunnet skal utvikla seg, og ein arealdel som viser kva me kan byggje kor i kommunen og kva areal som ikkje skal byggjast ut. Årsbudsjettet og økonomiplanen utgjer handlingsplan som fastset korleis kommuneplanen skal følgjast opp.

Kommuneplanen sin samfunnsdel

Stord kommunestyre vedtok kommuneplanen sin samfunnsdel for Stord kommune 2022-2034 i møte 21. juni 2022, lenke til saksprotokoll

Samfunnsplanen kan lesast her

Samfunnsdelen peikar på tre satsingsområde for komande planperiode:

  • Sterkt regionsenter for Sunnhordland handlar om at Stord skal vere pådrivar for regional samhandling og utvikling i Sunnhordland
  • Grøn by handlar om å vere ein føregangskommune i det grøne skiftet og nå målet om å vere eit attraktivt nullutsleppssamfunn i 2030
  • Inkluderande fellesskap handlar om korleis me kan leggje til rette lokalsamfunna våre slik at me som innbyggjarar trivest og lever gode og trygge liv

Felles for desse satsingsområda er at arealplanlegging og arealforvaltning er viktige verkemiddel for å nå måla i samfunnsdelen. 

Kommuneplanen sin arealdel

Arealdelen viser kva som kan byggjast kor i kommunen, og kva areal som ikkje skal byggjast ut. Det er kommuneplanen sin arealdel som fastsett arealbruken med juridisk bindande verknad. Arealdelen skal leggast til grunn for reguleringsplanlegging og handsaming av byggesaker. Gjeldande arealdel er frå 2011, lenke til kommuneplan for Stord kommune 2010-2021.

Dersom du ikkje får opna arealdelen over, kan du prøva å lasta ned kommuneplanen i fleire delar:

Saksprotokoll

Arealdelen til kommuneplanen fin du òg i kommunen sin kartportal- Stordkart

Dokumenta kan også sjåast ved Eining for regulering, byggesak og oppmåling i rådhuset.

 

Delrapportar

Risiko- og sårbarheitsanalyse
Strandsonekartlegging i Stord kommune
Prosjektrapport ”Grøntstruktur ,turvegar og gang- og sykkelvegar på Stord”
Konsekvensutgreiing Heiane sør
Konsekvensutgreiing Vestlio, Ørehaugen sør og nord, delrapport 1
Konsekvensutgreiing Tyse, delrapport 2
Bydelssenter ved Nordbygdo, delrapport 3
Konsekvensutgreiing Hystad gnr. 26, bnr. 1 m.fl.
Konsekvensutgreiing Tømmervik, del av gnr. 48, bnr. 1Konsekvensutgreiing Kvernaneset

Revisjon av kommuneplanen vart starta opp ved vedtak av planprogram i juni 2019. Som føresett vart det byrja med samfunnsdelen, denne vart vedteken samstundes som Stord kommunestyre vedtok revidert planprogram for kommuneplanen sin arealdel, lenke til saksprotokoll, møte 21. juni 2022

Norm for uteopphaldsareal ved bustadutbygging

Våren 2024 vedtok kommunestyre Norm for uteopphaldsareal ved bustadutbygging. Lenke til Norm for uteopphaldsareal ved bustadutbygging 

Føresegnene i norma erstattar føresegn i arealdelen av 2010-2021 sine føresegner om leike-, ute- og opphaldsareal; §§1.21-1.28