Det er eit allment byggje- og aktivitetsforbod på privat eigedom i eit belte langs kommunal veg (byggjegrenseavstand). Forbodet gjeld bygningar, men òg hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikta. Kommunen behandlar og godkjenner søknad om
-
dispensasjon frå dei alminnelege byggjegrensene i veglova
-
dispensasjon frå byggjegrenser som er fastsette i reguleringsplan (berre mindre vesentlege endringar)
-
løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
-
løyve til å strekkje leidning over eller langs veg.
Kommunen kan påleggje å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg.