Planen skal vera kommunen sitt styringsdokument for dette tenesteområdet. Den skal vera retningsgjevande for utviklinga av og setja mål og tiltak for rehabiliterings-, helse- og omsorgstenestene i Stord kommune.
Talet på eldre vil auka i mange år framover. Dette påverkar trongen for institusjonsplassar. Eldre er likevel venta å fungera betre i heimen, særleg om tilhøva vert lagt til rette for det, trass høg alder. Planen tek utgangspunkt i KS’ framskrivingsverktøy ved berekning av det framtidige behovet for sjukeheimsplassar. Dette inneber ei noko lågare sjukeheimsdekning enn det kommunen har i dag, noko som må kompenserast gjennom førebyggande og helsefremjande tiltak, og auka bruk av velferdsteknologi.
Planen legg opp til å byggja 58 nye plassar fram mot 2031. Planen føreset at 13 av plassane skal stå klare i 2026, noko som vil auka driftskostnadene med nær 18 mill. kr. dersom ein byggjer nytt. Alternativt kan ein etablera døgntilbod i rehabiliteringssenteret.