Ønsker du å dela eigedomen din (skilja ut tomt), må du søkja om oppretting av ny grunneigedom.

Ved oppretting av ny grunneigedom vert det etablert ein ny sjølvstendig eigedom med eige gards- og bruksnummer. Den nye eigendomen vert registrert i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregisteret).

Dersom du vil frådele eit areal som skal leggjast til ein anna eigedom, sjå arealoverføring.

 

Korleis søkja om deling?

Før du søkjer må du sjekka om delinga er i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Dersom området ikkje er regulert, er det kommunedelplan/kommuneplan som gjeld. Kva plan som gjeld finn du her i kommunen si kartløysing "Stordkart".
Alternativt kan du kjøpe planinformasjon hjå Ambita infoland. Produktet heiter "Gjeldande arealplanar med føresegner og plananalyse.

Dersom delinga ikkje er i samsvar med plan må det søkjast om dispensasjon. Dette kan gjerast samstundes med søknad om deling. Les her om dispensasjon.

Gjeld delinga fortetting i eksisterande utbygd bustadområde er det føresegner § 2.1 i kommuneplanen for Stord 2010-2021 som gir føringar. Les meir om dette i kommuneplanen under vedlegg 1 på denne sida. I LNF spreidd område er det §3.4 i kommuneplanen som gjeld.

Den nye eigedommen må tilfredsstille krav til vatn, avløp og tilkomst, jf. plan og bygningsloav kapittel 27.  Vegrett kan som hovedregel sikrast ved at eigedommen har tilkomst frå veg som er open for allmenn ferdsel, eller ved tinglyst rettigheit til privat tilkomst. I uregulert område må det søkjast om utvide bruk av avkjørsel.

Rettigheit til å føre avløpsleidning over annans grunn, alternativ til å knytte seg til felles leidningsnett, skal vere sikra ved erklæring. VA-kart og førehandsuttale frå Tekniske tenester kan tingast her. I område der det ikkje er offentleg avløp må det søkjast om utsleppsløyve. 

Byggetomta må ha form, storleik og plassering som er eigna til bygging, og det må vere avklara at det er tilstrekkelig sikkerhet mot fare eller vesentlig ulempe som følge av natur- eller miljøforhold, jf. plan og bygningslova § 26-1, 28-1.

Har du spørsmål og ynskjer du å gå gjennom planane dine før du skal i gong med søknadsprosessen kan du tinga ein førehandskonferanse

 

Søknadsskjema og krav til søknad

Kva skal søknaden innehalde:

 

  • Dokumentasjon på vatn og avløp er sikra i samsvar med krav i plan og bygningslova §27-1 og 27-2. Rettigheit til å føre avløpsleidning over annans grunn, alternativ til å knytte seg til felles leidningsnett, skal vere sikra ved erklæring. VA kart frå tekniske tenester kan tingast her. Dersom det ikkje er kommunalt nett i område, må det søkjast om utsleppsløyve etter forureiningslova/lokal forskrift i samband med oppretting av ny eigedom.

 

  • Dokumentasjon på at det er tilstrekkelig sikkerhet mot fare eller vesentlig ulempe som følge av natur- eller miljøforhold, jf. pbl § 28-1.

 

 

Sakshandsaming

Oppretting av ny grunneigedom skjer i to trinn: 

  • Sakshandsaming (vedtak om oppretting av ny grunneigedom i samsvar med plan- og bygningslova) 
  • Oppmålingsforretning (grensepunkta vert oppmålt og merka, og vidare registrert i matrikkelen. Det nye bruksnummer vert tinglyst)

Dersom det er nødvending å innhente uttale frå andre mynde og avklare forhold t.d. tid veglova, kulturminnelov eller jordlov, vil kommunen sende søknaden til uttale/handsaming. I LNF spreidd område må søknaden også handsamast etter jordlova, vanlegvis etter vedtak etter plan og bygningslova. Skjema kan du finna her.

Sakshandsamingsfristen er avhengig av om det vert søkt om dispensasjon. For søknad utan dispensasjon er sakshandsamingsfristen 3 veker, medan for søknad med dispensasjon er fristen 12 veker.

Søknaden vert vurdert i forhold til:

  • Tomt skal vera eigna til å byggjast på både i høve til storleik, form og terreng, og avstand til grense og bygningar, jf. plan og bygningslova §26-1.
  • Gjeldande arealplanar (kommuneplanens arealdel m/ føresegner, reguleringsplan m/føresegner, utbyggingsplan).
  • Tilkomst og vegrettar. Ny tomt skal vera sikra lovleg tilkomst til veg som er open for alminnelig ferdse. Avkjørsel frå offentleg veg må vera godkjent.
  • Bustadtomt skal ha tilstrekkeleg tilgang til hygienisk trygt drikkevatn.
  • Avløpsvatn frå bustadtomter skal vera sikra i samsvar med forureiningslova.
  • Naturgitte tilhøve som stabilitet i byggegrunn, risiko for flaum, fare for skred m.m.

Når det er fatta vedtak om frådeling, vert saka overført til oppmålingsavdelinga som er ansvarleg for oppmålingsforretningen.

 

Oppmålingsforretning

Rekvirentan(e), naboar og eventuelle rettigheitshavarar til arealet som skal frådelast vert kalla inn til oppmålingsforretningen minst to vekjer i forkant, dersom ikkje anna er avtalt. Dersom nokon skal møta i staden for dei som er innkalt, må desse ha skriftleg fullmakt.

Det vert holdt oppmålingsforretning over eigedomen der partane bidrar til å påvisa eksisterande grenser i samsvar med målebrev/skuldelingsforretningar. Ny grense etter delingstillatelse vert påvist og stikka ut av landmålar. Grensemerker vert sett ned i marka og grensepunkta vert målt. Det skal førast protokoll over kva som er klarlagt og avtalt ved forretningen.

Sakshandsamingsfristen for oppmålingsforretning er inntil 16 veker.

Dersom det er tinglyst urådigheit (t.d. forkjøpsrett) på eigedomen arealet skal delast frå, eller det er andre forhold som hindrar tinglysing må dette ryddast opp i før det nye bruksnummeret kan tinglysast.

Når kommunen får tilbakemelding på at den nye matrikkeleininga er tinglyst, vedt det laga matrikkelbrev som vert sendt til rekvirentan(e).

Overføring av eigedomsrett – Skøyte

Overskøyting av den nye parsellen til ny eiger må ordnast av partane sjølv. Dersom de treng hjelp til å fylla ut dokumenta som skal tinglysast, vert det anbefalt at de søkjer hjelp hos ein eigedomsmeglar eller advokat.

Meir informasjon om heimesovergong ved skøyte: Kartverket sin informasjon om skøyte.

 

 

Klage

De som er partar i saka eller har rettsleg klageintresse kan klage på vedtaket. Her finner du meir informasjon om klageretten.