Ei grensejustering er ei mindre endring av grensa mellom to eigedomar. Grensejustering krev ikkje søknad og løyve etter plan- og bygningsloven, men rekvirent (eigar) må fylla ut skjemaet «Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring» og sende dette til kommunen. Kommunen vil deretter vurdere om kriteriene for grensejustering er oppfylt. Ved godkjent rekvisisjon vil det bli oppretta ei sak som skal handsamast av ein landmålar ved Kart- og oppmålingsavdelinga. Landmålaren går gjennom saken og kallar deretter inn dei aktuelle partane til oppmålingsforretning i marka. Om kriteriene for grensejustering ikkje kan oppfyllast må det søkjast om en arealoverføring.
Vilkår
Arealet for dei involverte matrikkeleiningane kan aukast eller reduserast med inntil 5 %, men maksimalt 500 kvadratmeter. For anleggseigedom gjeld spesielt at volumet kan aukast eller reduserast med maksimalt 1000 kubikkmeter. Uansett kan ei matrikkeleining likevel ikkje avhende meir enn 20 % av det som var arealet før justeringa, da blir det arealoverføring. Verdien på matrikkeleininga kan ikkje reduserast med meir enn 1 G (G = grunnbeløp i folketrygda).
Grensejusteringa må ikkje vere i strid med konsesjonslova, jordlova § 12 eller rettsleg bindande planar etter plan- og bygningslova.