Målgruppe er beitelag og andre former for organisert samarbeid der det vert drive næringsretta beitedrift.

Næringsretta beitedrift vil normalt innebere at dyra går minst 5 veker på utmarksbeite, og at meir enn halvparten av medlemmene i lag eller foreining har rett til produksjonstilskot.

Tilskot kan også gå til enkeltføretak som har rett til produksjonstilskot der kor det grunna naturgitte eller driftsmessige forhold ikkje ligg til rette for samarbeid.

Spørsmål kan rettast til SFLMK

Elektronisk søknadsskjema og informasjon finn du her 

Dokument

Tiltaksstrategi for Investeringstilskot til tiltak i beiteområde Stord og Fitjar

Tiltaksstrategi for Investeringstilskot til tiltak i beiteområde Austevoll