Føretaket må fylle dei generelle krava til produksjonstilskott i jordbruket. Det vil seie at føretaket må vere registrert i Einingsregisteret, og
-
anten vere registrert som meirverdiavgiftspliktig og kunne levere årsoppgåve som landbruksføretak,
-
eller ha ei samla omsetning og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 20 000 dei siste tolv månadene før registreringsdato for søknaden
Arealet og husdyra må kontrollerast og godkjennast av Debio slik at produksjonen er i samsvar med dei krava som blir stilte til produksjon og merking av økologiske landbruksvarer. Debio er ein kontroll- og godkjenningsinstans som fører tilsyn med økologisk landbruksproduksjon i Noreg.