Ynskjer du å få klarlagt og/eller merka grensene for din eigedom, kan du enten tinga Klarlegging av grenser eller Teknisk grensepåvising.
Klarlegging av grenser (Oppmålingsforretning)
Ved klarlegging etter Matrikkellova vert det halde oppmålingsforretning der eksisterande grensene vert klarlagt, merka, målt, kartfesta og registrert i matrikkelen (landet sitt offisielle register over fast eigedom).
Oppmålingsforretning kan gå ut på å
- klarleggja og beskrive grenser og rettigheter knytt til fast eigedom (matrikkeleining)
- merka og måla eksisterande grenser i mark i tråd med partane sine påstandar og framlagte dokument fram skaffe alle opplysingar og dokumentasjon som er naudsynt for å føre landet sitt offisielle register over fast eigedom (matrikkelen.) For ny matrikkeleining gjelder at du først har løyve frå kommunen etter plan- og bygningsloven før eininga kan opprettast i matrikkelen.
- Merka og måla nye grenser i marka i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningsloven
Kven kan be om oppmålingsforretning?
- Eigar av eigedom (personer som har grunnboksheimel til en eigedom)
- Personer som har festet grunn for meir enn ti år
- Personer som har innløyst festegrunn etter lov om tomtefeste
Bruk skjema Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring
Teknisk grensepåvising
Ved teknisk grensepåvising vert det stikka ut grenser i terrenget og merka med trepålar/spray. Dette gjeld berre grenser som tidlegare er klarlagt ved oppmålingsforretning eller tilsvarande.
Naboar vert ikkje varsla og påvisinga vert ikkje registreret i matrikkelen
Dersom du ynskjer teknisk grenspåvising kan du sende ein e-post til rbo@stord.kommune.no. Skriv kva gnr/bnr det gjeld, og legg gjerne med eit kartutsnitt eller kopi av målebrev/matrikkelbrev der du har merka av kva punkt du ynskjer påvist. Du kan gjera påteikning og skrive ut kartutsnitt frå Stordkart