Hovudregelen for samanslåing av eigedomar er at eigedomane grensar til kvarandre.

Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom den vil føra til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Prioritetskollisjon oppstår når eigedomar har ulik tinglyste pengeheftelsar for eksempel lån i ulike bankar der bankane har ulik prioritet. Ved samanslåing vert panteretten utvida til heile den samanslåtte eigedomen eller festerett.

Kven kan søkja?

Eigar av eigedomen (heimselshavar) kan krevja samanslåing.

Skjema

Skjema for "krav om samanslåing av eigedom" finn du lenger ned på sida.

Skriv kva gnr/bnr som bør bestå etter samanslåing. I utganspunktet bør lavaste gnr/bnr bestå, men om det står bustadbygg på høgste gnr/bnr bør dette vidareførast.

Kva skjer vidare etter du har søkt?

Me kontrollerer at vilkåra for samanslåing er til stades, registrerer samanslåingen i matrikkelen og videresender kravet til tinglysing.

Finn tinglysingsmyndigheiten at vilkåra foran er oppfylt, merkes samanslåinga i grunnboka.

Når me får tilbakemelding på at samanslåinga er tinglyst, vert det laga matrikkelbrev som vert sendt til søkjar(ar).

Kva kostar det?

Tenesten er gratis.