3-åringane

Når barnet kjem i 3-årsalderen begynner det i større grad å sjå seg sjølv i samanheng med omgjevnadane. Barnet prøver no ut og forskar kring eiga rolle i forholdet til andre barn og vaksne. Barnet hevdar i stadig aukande grad sine meiningar og behov og sjekker korleis dette virkar i samspel med omverda. I mange samanhengar vil ikkje 3-åringen gi seg eller justere seg til omverda, men tydeleg halde på sitt perspektiv. Dette fører gjerne med seg situasjonar der sinne og frustrasjon gjer seg gjeldande.

  • Samspel, respons og tilbakemeldingar frå oss som er vaksne kring barnet, er av stor viktigheit 
  • Barnet møtast av varme og tydelege vaksne som evner å anerkjenne barnet og samstundes hjelpe det til å justere seg
  • Me snakkar med barnet om det sine val og synspunkt og prøver saman med barnet å kome fram til gode løysingar
  • Det vert viktig å hjelpe barnet til å forstå at det ikkje alltid kan få gjennomslag for eigne ønskjer. 
  • Vaksne har fokus på balanse mellom å vere ein tydeleg vaksen som evner å justere barnet og samstundes oppmuntrar deti ein alder der alt lett kan kjennast som vanskeleg
  • Me gjev barna tid til at dei skal få gjere bruk av det dei kan og samstundes strekke seg litt lenger
  • Dei vaksne er tett på barna i leiken og legg til rette for ulik leik ut frå barna sine interesser
  • Barna får opplevingar og inspirasjon som bidreg til vidare utvikling gjennom leiken
  • Me les og leiker med ord og uttrykk, samstundes med at me fører vidare bruk av mykje song, rim og reglert
  • M begynner å gå på lengre turar. Saman med barna planlegg me kor me skal gå og kva dei ønskjer å gjere

5-åringane

5-åringane går sitt siste år i barnehagen. Dei fleste har gått i barnehagen frå dei var eit år,og mange begynner å bli klare for å oppleva noko anna. Dei høyrer mykje om skule og det som ligg framføre dei, samstundes som dei er i ei rivande utvikling som kan opplevast utfordrande både mentalt og fysisk for dei.

Å gjere dei eldste barna best mogleg budd til overgangen til skule er ei ekstra viktig oppgåve for oss vaksne dette året. Ei oppgåve som har funne stad sidan den dagen barnet begynte i barnehagen, men som no stiller auka forventingar til barnet si eiga mestring. Barnet er nå blitt så stort at det å gi det auka utfordringar, meir friheit og større spelerom når det gjeld medverknad og medbestemming i eigen kvardag, vert naturleg. Nokre av 5-åringane er kanskje begynt å bli litt "lei" livet i barnehagen og me vaksne må vere tett på for å gi dei gode og inspirerande moglegheiter til leik. Me må stimulere deira nysjerrigheit og deira appetitt på livet.

Ei av dei viktigaste oppgåvene me har i høve det å bu 5-åringen på det som ventar etter barnehagen, er å støtte dei og hjelpe med deira utvikling av sjølvstende i løpet av dette siste året i barnehagen. Det å kunne kle seg, pakke sekken, klare seg på toalett og å vere gode hjelparar for kvarandre legg me stor vekt på. Me forventar av barna at dei skal ta meir ansvar for seg sjølv og sine ting. Fokus på meir aktivitet som styrast av dei vaksne er viktig med tanke på barnet sitt behov for å øve på å innordne seg til gitte rammer. 

Det er samstundes viktig at barnet opplever å bli sett og høyrt for sine innspel. Gjennom prosjektarbeid får barna øve seg på å arbeide fram prosessar mot eit mål, der deira medverknad er viktig for deira læring og oppleving av mestring. Det å kunne konsentrere seg om ei oppgåve og ta i mot beskjedar er noko me jobbar ekstra med dette året. Som vaksne fokuserar me på å gje barna gode tilbakemeldingar på det dei bidreg med, med alle deira ulikskapar slik at dei skal oppleve seg verdfulle. Me ønskjer at barna skal avslutte sitt opphald hos oss med ein livskompetanse som me ser som viktig og gjerne avgjerande for ein best mogleg start vidare i livet.