Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Furuly barnehage

Velkomen til Furuly barnehage. 

Me er ein liten barnehage med tre avdelingar der “alle kjenner alle”, og ligg i landlege omgjevnader på Ådland. 

Barnehagen ligg i enden av ein blindveg, midt i furuskogen, med kort avstand til flotte turområder og sjøen. Nærområdet vårt er trygt og roleg, og næraste naboar er Spar butikken, Hystad skule og Stord sjukehus.

Barn og foreldre møter -og vert kjendt med alle tilsette då me har tett samarbeid på tvers av avdelingane.

 Me har dyktige tilsette som jobbar for at alle barn skal ha eit trygt og godt barnehagemiljø. Dei er omsorgsfulle, set tydelege grenser, er aktivt med barna i leiken og passer på at alle vert inkludert.

Barna skal få positive opplevelsar i barnehagen ved å høyre til i eit inkluderande fellesskap og utvikle venskap. 

Me har nulltolleranse for mobbing og krenkelsar, og jobbar kvar dag med å hjelpe barna til å utvikle sin sosiale kompetanse.    

Barnehagen nyttar biletsymbol, ASK (alternativ, supplerende kommunikasjon) som språkstøtte til alle barn. Å utvikle eit godt språk er noko av det viktigaste som skjer i eit barn sitt liv. Ei god språkutvikling legg grunnlaget for den sosiale, den kognitive så vel som den emosjonelle utviklinga.  

Personalet skal synleggjere og framheve mangfald og ulikskap som grunnlag for opplevingar, utforsking og læring.   

Satsingar:

  •  Eit inkluderande leikemiljø: Me skal vidareutvikle det fysiske leikemiljøet, og jobbe for at alle barn kjenner seg inkludert i barnegruppa. Det fysiske leikemiljøet er viktig i arbeidet med inkludering. Kva det fysiske miljøet har å tilby av leiker og ulike materiell vil gi føringar for barna sitt samspel og leikemoglegheiter.
  • Barnehagepuls:  Barnehagepuls skal gi meir fokus på fysisk aktivitet og motorikk i barnehagen. Gjennom bevegelsesglede og meistring av ferdigheter ynskjer me å leggje til rette for god motorisk utvikling og fysisk form. I tillegg til å bidra til god helse, er fysisk aktivitet i tidlig barnealder sjukdomsforebyggjande og det fremmer sosial deltaking og trivsel. Forskning viser også ein tydeleg samanheng mellom fysisk aktivitet og læring. Dette er eit samarbeid mellom barnehagen og barnefysioterapeutane i kommunen. Furuly er den første barnehagen som deltek her i Stord kommune, og målet er på sikt å tilby det til alle dei kommunale barnehagane på Stord.

 

Barnehagen gjev tilbod til 40 - 45 barn fordelt på tre avdelingar.

 

Ta kontakt med styrar dersom du ynskjer å komme på besøk.

Telefonnummer til styrar og direkte til avdelingane:

Styrar: 941 46 091
Maurtua: 941 41 493
Grøn: 975 52 170
Raud: 948 76 502

Adressa vår er Olvikvegen 50A, 5416 Stord.

Følg Furuly barnehage på facebook
 

DSCN 3003.JPG

Aktuelt

Frontbilete raud gruppe

Velkomen til dei kommunale barnehagane

Me ønskjer at barnehagen skal vera dein del av den gode barndommen for barnet ditt, og me ønskjer at tida i barnehagen skal rusta barnet for framtida
barn i kvite kjolar - det er luciatog - foto

Luciatog i Furuly barnehage

I Furuly barnehage er det tradisjon at dei eldste barna går luciatog kl. 08.00, og foreldra er invitert til å komme og sjå.