
Trodlahaugen barnehage er ein kommunal barnehagen med plass til 50-52 barn. Barnehagen ligg i gåavstand til Heiane næringsområde, og kort veg til Kværner Stord og anna næringsaktivitet.
Langeland skule er næraste barneskule.
Barnehagen ligg i eit roleg bustadområde, med ein ballplass som næraste nabo. I nærområdet vårt har me kort veg til Skjepåsen, eit fint turområde med mange høve til ulike aktivitetar, og fine turområder til og ved sjø. Me har gåavstand til Sæbø gard, der me besøker dyra som bur der.
Årshjul for felles tema og aktivitetar i Trodlahaugen barnehage 2024-2025
Våre satsingsområder:
Inkludering: Alle barna skal få oppleva at dei er ein del av fellesskapet og får bidra med sin kompetanse ilag med andre barn og vaksne.
Språk: Vaksne som støttar barna si språkutvikling, og som er gode språkmodellar. Barnehagen nyttar bildesymbol, ASK (alternativ, supplerende kommunikasjon) som språkstøtte til alle barn.
Du er velkommen til å ta kontakt med styrar for avtale om besøk i barnehagen vår.
Adresse:
Trodlahaugen 4, 5412 Stord
Telefon:
Styrar: 534 54 380
Mobil: 402 16 962
E-postadresse: sigfrid.leifsen@stord.kommune.no
Sommarbarnehage
Frist for å søkja sommarbarnehage og registrering av ferie i kommunale barnehagar er 11. april.
Aktuelt
Trodlahaugen barnehage har laga bok
Kven kan kalla seg forfattar og illustratør i ein alder av 1-6 år? Jo, det kan alle barna i Trodlahaugen barnehage.Leik og aktivitet i barnehagen
Me har mange kjekke aktivitetar både inne og ute i barnehagen vår. Og kvar veke er alle gruppene på tur i nærmiljøet til barnehagen.Tilsette

Tilsette
Her ser du dei tilsette i Trodlahaugen barnehage dette barnehageåret.