4-årsalderen er ofte ein milepæl i utviklinga til barnet. No er språket godt utvikla og barnet forstår meir av korleis ting heng saman. 4-åringen er veldig "vitebegjærlig" og forventar forklaring på sine spørsmål. Barna i denne alderen kan forklarast ting, og det er absolutt ein alder for filosofering. Det å stille spørsmål tilbake til barnet i staden for å gje konkrete svar, kan vere eit lurt grep.
4-års alder er gjerne ein alder der barnet, stort sett, opplevast harmonisk og samarbeidsvillig. Barnet har stort sett jamnt humør, og er gjerne som ein verdsmeister som elskar å få hjelpe til. Sansen for dramatikk er stor, og barnet legg hjerne litt på når ting skal forteljast.
Når barnet er i 4-årsalder, har det utvikla mange ferdigheiter. Det kan gjerne kaste ein ball og gripe den igjen med begge henda, sykle på tohjuling med støttehjul, klyppe langs ein strek, teikne skisse av menneske (hodefoting), begynnande interesse for bokstavar, ete med kniv og gaffel og telle gjenstandar.
4-åringane i Skogatufto barnehage er jamleg på besøk på Stord sjukeheim. Som del av det å skape livsglede og meistring på tvers av generasjonar, leggast det opp til aktivitetar og samhandling som både ung og eldre kan ta del i.