Området barnehagen ligg i innbyr til gode turar i skogsområde som for eksempel Landåsen og Eventyrskogen. Det er og kort veg til turområde med tilgang til sjø og livet i fjæra. Barnehagen har eigen Lavvo, denne blir nytta som friluftsbase av barnehagen, samt er tilgjengeleg som nærmiljøtiltak for barnefamiliar og andre.

Organisering

Skogatufto barnehage er delt inn i to team og vidare delt inn i avdelingar.

  • På "team Tufto" er 3-5 åringane fordelt på avdelingane Haugen og Flato.
  • På "team Skogen" er 1-2 åringane fordelt på avdelingane Marihøno og Kråkereiret.

Avdelingane er i utgangspunkt sett saman aldershomogent. Med bakgrunn i tal barn innafor kvart årskull, kan det førekoma at ulike aldrar er saman på ei avdeling.

Miljøfyrtårn

Skogatufto barnehage er sertifisert som Miljøfyrtårn. Miljøfyrtårn er det sertifikat som i Noreg er mest brukt til dokumentering av innsats for miljø og ansvar for samfunn. Å sertifisert som og jobbe i tråd med verdiar og retningslinger innafor Miljøfyrtårn, er samsvarande med det som står i rammeplan for barnehagen om berekraftig utvikling. Me jobbar blant anna med :

  • at barn skal lera seg å ta vare på seg sjølv og kvarandre
  • at barn skal lera seg å ta vare på naturen
  • at me skal vurdere gjenbruksverdi og fleirbruksverdi av leiker og utstyr me har i barnehagen
  • kjeldesortering
  • inkludering for å bidra til at alle kan oppleve å vere del av ait miljø og eit samfunn
  • refleksjon saman med barna for å sjå på ulike sider av handlingar og val

El-sykkel

Barnehagen har eigen el-sykkel som me jamleg nyttar for å ta barn med oss på tur, gjerne litt lenger vekk frå barnehagen. I tillegg til tur-opplevinga og moglegheitane sykkelen gjev, er den eit godt hjelpemiddel for vårt arbeid med inkludering. Her kan alle barn vere med, uansett alder og funksjon. Felles opplevingar undervegs og tett kontakt mellom den vaksne og barna, gjev gode høve til samtalar og refleksjonar. 

Måltid og mat hos oss

I Skogatufto barnehage serverast all mat, frukt og mjølk av barnehagen, mot kostpengar. Måltid førebuast som hovudregel saman med barna.

Måltida avviklast hovudsakleg på avdelingane, der barna delast opp kring fleire bord, saman med vaksne. Mindre grupper gjer det enklare å sjå, høyre og koma i møte det enkelte barn. Gode samtalar der alle kan ta del, finn og ettare stad når gruppa er mindre. Måltidet er ein eigna arena for samtalar som bidreg til å styrke barna sitt kvardagsspråk. Det er og ein særs eigna arena for å øve på å hjelpe kvarandre, vente på tur, smøre mat sjølv, sette ord på kva som er ønskjeleg å ete med meir. Lesing og formidling av historier finn og gjerne plass rundt bordet. Det leggast opp til å bruke god tid ved måltida, for både å ha god tid til å ete og for å kunne ta del i det som skjer rundt bordet.

Førebuing av måltid er ei pedagogisk aktivitet der barna tek aktivt del saman med den vaksne. Telle opp tallerkenar og anna utstyr, vaske bord, dekke på, finne fram mat; kvardagspedagogikk.

Måltida

Måltida i barnehagen leggast til rette for, etter retningslinjer utarbeida av Helsedirektoratet. Slik gjer me det hos oss:

  • Cirka klokka 8.30: frukost på avdelingane
  • Cirka klokka 11.30: lunsj på avdelingane
  • Cirka klokka 14.00: frukt/grønt, gjerne med tilbod om knekkebrød eller anna om barn syner behov for det

Ut over dette serverast det mat til barn som eventuelt signaliserer behov for det.

Med jamne mellomrom lagast det varme måltid på avdelingane, nokre gangar bakast det. Dette er aktivitetar som barna tek del i og som rommar mykje læring med tanke på språk, tall, mengd, form. 

Maten

Maten som serverast i barnehagen, er hovudsakleg brød-/kornmat. Jamleg rullerast inn dagar med varmmat for alle avdelingane. Maten som serverast, bygger på retningslinjer frå Helsedirektoratet. Det same gjer oppskrifter me bruker. Til no har me langt på veg nytta oppskrifter frå «Fryd for ganen» (sjå lenkje for omtale). Når nye matplanar lagast for vårhalvåret, kjem me til å ta i bruk oppskrifter og opplegg frå Bra mat i barnehagen og Matjungelen. Alt her bygger på Helsedirektoratet sine retningslinjer for mat i barnehagen. 

Me jobbar for å halde forbruk av sukker nede og nyttar alternativ når me bakar og lagar mat. Der det let seg gjere, vel me sukkerfritt. Til større arrangement, kjem me framover til å rette enno meir fokus mot kva som kan delast av «alternativt snaks» utan mengder av sukker. 

Når det gjeld pålegg i barnehagen, tilbyr me med variasjon dette:

  • Fårepølse
  • Kyllingpostei
  • Peanøttpålegg
  • Kaviar
  • Makrell i tomat
  • Ost
  • Crab-stics
  • Av og til syltetøy, utan sukker
  • Soft-flora smør

Det serverast alltid grovt brød, med knekkebrød som alternativ. Graut av havregryn eller andre grove kornsortar, er alternative frukostar. Det serverast mjølk og vatn til måltida.

Personale

Personale som jobbar i Skogatufto barnehage har høg fagleg kompetanse og erfaring. Alle fast tilsette er utdanna barnehagelærarar, barne- og ungdomsarbeidarar eller har anna relevant pedagogisk utdanning. Me har eit breidt tverrfagleg samarbeid med andre instansar for å saman med foreldre/føresette kunne legge til rette for ei best moleg utvikling for barna.

Barnehagen har fokus på jamleg kompetanseheving av eigne tilsette. Vidareutdanningar og lærande nettverk er jamt over innslag for deler av personale. I tillegg jobbar me kontinuerleg med å auka kompetansen i form av å tileigne oss kunnskap basert på nyare forskning relatert opp mot eigen praksis. Me jobbar gjerne med utgangspunkt i Udir (Utdanningsdirektoratet) sine program og deira opplegg for kompetanse som er særleg tilpassa barnehagar.

Me bidreg til utdanning av kompetent barnehagepersonale

Ved at Skogatufto barnehage er ein aktiv bidragsytar til utdanning av fagpersonell til barnehagane, er me i kontinuerleg samarbeid med blant anna HVL (Høgskulen på Vestlandet). Med dette er dei tilsette hos oss jamleg i kontakt med det siste innan barnehageforsking og utvikling på fagfeltet. Dette i tillegg til den kompetanseheving som jamleg finn stad for dei tilsette. 

Som ein av Stord kommune sine barnehagar har Skogatufto barnehage årleg lærling innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget. Lærlingane har, stort sett, gått to år på Fitjar vidaregåande skule for så å gå i lære eit å i barnehage og eit år i grunnskule. Lærlingane er under jamleg vegleiing av fagutdanna instruktør i barnehagen og tek del i det daglege arbeidet i møte med både barn og foreldre.

Samarbeid med Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter

Me er stolt av at Skogatufto barnehage har fast samarbeid med Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter. Samarbeidet er kalla "Livsmestring, helse og glede på tvers av generasjonar- eit samarbeid inn i framtida". Barn og tilsette frå barnehagen går jamleg på besøk til dei to institusjonane. Besøka vil innehalde litt song, litt spel, teikning ulike leikar og anna som kan engasjere både ung og eldre. Barnehagen har høve til å disponere uteområde knytt til både omsorgssenter og sjukeheim med dei fasiliteter og element dei har å by på.

Desember 2019 vann barnehagen saman med sjukeheimen, omsorgssenteret og folkehelsekoordinator prisen for innovasjon og nytenking for samarbeidet.