2-åringen sin leik er grunnleggande sosial. Ser du etter, ser du kanskje og at dersom eit av barna dett, så kastar dei andre barna seg ned på golvet dei og. Møtast du av trommekonsert kring bordet der blyantar eller koppar dunkast i bordet, er det nok ein felles leik på gang der og. Barna søker mot det kroppslege og vil gjerne velge samhandling og leik på ei stor madrass enn å leike saman med små figurar eller klossar
- Dei vaksne legg til rette for aktiv leik og den opplevinga den gir av fellesskap
- Vaksne er tett på der barna er for å vegleie dei i leik, konflikt og daglege gjeremål
- Barna får hjelp til å etablere leik, samspel og gode relasjonar til dei andre barna av trygge og varme vaksne
- Barna får oppleve variert språk gjennom temaarbeid der tekst og historie formidlast i form av dramatisering, leik og lesing. Song, rim og reglar har ein sentral plass
- Barna får støtte i å utvikle sjølvstende i situasjonar som blant anna måltid og påkledning