Til nye føresette

Lov om barnehagar: § 20 Teieplikt

Dei som arbeider i barnehage har teieplikt om det dei får vita om nokon sine personlege forhold. Med dette meiner ein mellom anna opplysingar om fysisk og psykisk helse, familie- og heimeforhold, bustadforhold, økonomi eller klientforhold til det offentlege.Barnehagepersonalet har opplysingsplikt til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert misshandla i heimen, eller det føreligg andre former for alvorleg omsorgssvikt.

Informasjon
Me nyttar det digitale  komunikasjonsverktøyet MyKid til kommunikasjon mellom barnehagen og dei føresette. Her vil de få informasjon frå barnehagen, i tilegg finne aktuell informasjon på barnehagen si heimeside.

Oppstartsamtale
Føresette til nye barn får tilbod om oppstartsamtale med pedagogisk leiar til barnet. Me utvekslar informasjon og forventingar m.m

Dokumentasjon frå barnehagedagen
Det blir lagt på MyKid

Sjukdom
Barnet sin almenntilstand skal vere god når barnet kjem i barnehagen. Born som ikkje er friske nok til å vera ute, er i hovedsak ikkje friske nok til å vera i barnehagen. Dersom barnet dykkar har særlege grunnar for å vera inne (  t.d. astma ),  ta kontakt med oss om det.

Medisinering i barnehage, skule og SFO
Det er i utgangspunktet føresette sitt ansvar å sørgja for at barnet får legemidlar på rett måte og til rett tid. Dersom legen har vurdert at føresette er i stand til å handtera legemidla, vil det i prinsippet innebera at også andre kan yta denne hjelpa under føresetnad av at dei får same informasjon og opplæring som føresette. Det er viktig at barnehagen drøftar og vurderer barnehagen sin kapasitet, og eventuel gjer skriftlege avtalar med føresette i høve medisinering.

Kommunelegen har utarbeida lokale retningslinjer for medisinering i barnehage. Han har også ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med å utarbeida prosedyrar for handtering av legemidlar i barnehagar, skular og SFO.  

Klede og merking av klede
For at barnehagedagen skal verta så god som mogeleg for barnet dykkar, er det viktig at barnet har høvelege klede til å leika i både inne og ute. 
Det er viktig at borna har nok bytteklede i barnehagen til ei kvar tid.

I barnehagen går det mange barn som har like kle, støvlar / sko, matboksar, med meir. Det er difor viktig å merka dette.

Garderoben
Føresette har ansvar for å halda orden i garderobehylla til sitt barn. Det er god hjelp for oss om de jamleg sjekkar at barnet sine klede er heile, dressar/regnkle har strikk i beina og at dei er passelige.   

Når barnet ikkje kjem i barnehagen
Når barnet er sjukt eller skal ha fri skal de registrere det inn i MyKid

Vedkomande frammøte
Me ynskjer at barna er komne i barnehagen innan klokka 09.00 ( - om ikkje anna er avtalt ). 

Dagsrytmen

Kl. 06.30Barnehagen opnar 


Personalet ynskjer velkomen og registrerer frammøte og beskjedar vedr. born på Grøn eller  Raud avdeling

Borna på Maurtua vert ynskt velkomne på avdelinga.
 
kl.06.30-08.00Frileik
Kl. 08.00 - ca. 09.00Fleksibel frukost for dei store barna. Småbarn et kl.9.00.
Kl. 09.00 - 11.30Aktivitet i aldersdelte grupper
Arbeid med prosjekt, forming, musikk og dans, med meir
Dei som har turdag gjer seg klar til å gå.
Kl. 11.30- 12.00Lunsj
Borna et på kvar sin avdeling 
Kl. 12.30 - 13.00Borna kler på seg og går ut
Kl. 13.00 - 14.30Uteleik
Me er ofte ute lenger. Dette er avhengig av ver og årstid.
Kl. 14.00 Fruktmåltid
Borna et frukt / knekkebrød
Kl. 15.00 - 16.15Valfri aktivitet inne/ute
Kl. 16.15Barnehagen stengjer

 

Foreldreråd og Samarbeidsutval

Foreldreråd

Foreldrerådet er foreldre / føresette til alle barna i barnehagen. Foreldrerådet er arena for foreldra til å ta opp og diskutere kring saker dei ønskjer å løfte opp til leiinga i barnehagen. Det er og arena til å diskutere utspel og forslag frå barnehagen som vedgår endringar og større avgjersler i høve alle barna i barnehagen. Foreldrerådet vel to representantar som skal sitje i barnehagen sitt samarbeidsutval (SU). Representantane skal fremje foreldre/føresette sine interesser, og bidra til at samarbeidet mellom barnehage og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Det er i foreldreråd 27.08.2014 stemt for at representantar veljast for to år om gangen.

Samarbeidsutval

Samarbeidutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet er sette saman av foreldre /føresette og ansatte i barnehagen slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehagen sin eigar kan delta etter eige ønskje, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. Styrar deltek på møte som informant og referent.

 

LeiarStåle BergBrendehaugen 9, 5416 Stord413 22 129
NestleiarAnette-Margrethe BassoRusti 14c, 5416 Stord906 24 583
VaraCamilla P. AadlandOlvikvegen 27, 5416 Stord907 82 408
VaraMartin Andre RosslandTverrgardsvegen 5, 5416 Stord924 37 156
Pers. repr.Reidun S. SaueByrkjeland 5, 5412 Stord91 56 30 32
Pers. repr.Jorunn HystadHystadvegen 166 A, 5416 Stord95 83 61 39
Eigar repr.Solveig Hetleflåt 481 45 829
Vara rep. eigarMarius SjoØrehaug 14, 5414 Stord450 90 985
    
Samarbeidsutvalet 2024-2025