Uteområdet vårt innbyr til ulike typar leik og aktivitetar. Me har ein liten haug som er fin å trene grovmotorikken i, og ellers eit flatt område som t.d er kjekt å sykle på.
Me har mange syklar, ein stor og god sandkasse med delvis tak over, rutsjebane og klatrestativ med klatrevegg. Me har også ei stor reile som mange barn kan sitje oppi samtidig og det er sosialt og kjekt.