Handlingsplanen mot vald og overgrep vart vedteke i kommunestyret 17.12.20 og gjeld for 2020 - 2024.
Innsaten mot vald og overgrep er og nedfelt i Regjeringa Solberg sin opptrappingsplan for vald og overgrep 2017 - 2021.
Stord kommune sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar av 2015 - 2018 har gått ut. Denne planen erstattar Stord kommune sin førre plan på området. Handlingsplanen omhandlar vald og overgrep generelt, og ikkje berre vald i nære relasjonar.