Kva er familievernet?
Familievernet tilbyr behandling og rådgjeving til alle som opplever vanskar, konfliktar eller kriser i familien. Familievernkontoret tar imot einskildpersonar, par og familiar.
Familievernkontoret utfører også mekling, som er obligatorisk ved samlivsbrot for foreldre med felles barn under 16 år. Ordninga er etablert med omsyn til barna, og skal hjelpe foreldra å lagq avtal om samvær og etablera eit godt samarbeid med foreldre for å ta vare på barna sitt beste.
Familievernet tilbyd:
- Parterapi
- Mekling ved samlivsbrot
- Parsamtalar, familiesamtalar og individualsamtalar
- Samtaletilbod til barn
- Rettleiing til foreldre
- Kurs og grupper