Du kan seie meninga di om det barnevernet gjer, slik at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bur heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. Du må gjerne gi beskjed direkte til kontaktpersonen din i barneverntjenesta - eller du kan bruke lenka under for å gi beskjed via Statsforvalteren:
Dei som er partar i saka har klagerett og søksmålsrett. Alle vedtak som vert fatta av barnevernstenesta i kommunen kan klagast inn til statsforvaltaren. Fristen for å klaga er tre veker.
Vedtak som vert fatta av barneverns- og helsenemnda kan sendast inn for herads- eller byretten til rettsleg overprøving. Fristen for å senda saka inn for retten er to månader.
Slik klagar du på eit vedtak: Barn og unges rett til å klage på barnevernet | Statsforvalteren.no