SIB brukar nasjonal portal for bekymringsmeldingar. Portalen gjer at melding kan sendast digitalt, og barnevernstenesta vil umiddelbart motta den i sitt fagsystem. Her gjer du val for offentleg tilsett eller som privat person. 

Bekymringsmelding til barnevernet (ks.no)

Det vil framleis vera mogleg å senda bekymringsmelding per post, men barnevernstenesta oppmodar deg på det sterkaste å nytte det digitale skjemaet når du skal senda bekymringsmelding til oss.

Kva skjer når du sender digital bekymringsmelding? 

Når du går inn på ovannemnde lenke finn du informasjon om bekymringsmelding, melde- og opplysingsplikt til barnevernstenesta. Du vel rett kommune å sende bekymringsmeldinga til, for så å logge på løysinga med elektronisk id.

Som offentleg tilsett skal meldinga knytast til eining og eininga sitt organisasjonsnummer.

Du kan ikkje lagre skjemaet undervegs. Du må difor sørgje for å ha all nødvendig informasjon klar når du startar å skriva bekymringsmeldinga. Informasjon som vert etterspurt i skjemaet er:

  • organisasjonsnummer
  • barnet sitt namn, adresse og personnummer
  • kontaktinformasjon til foreldre
  • kvifor du er bekymra
  • tidlegare tiltak i di eining for å hjelpa barnet
  • andre hjelpeinstansar som er i kontakt med barnet

Dersom bekymringa gjeld fleire barn i same familie kan du legge inn alle barna i same skjema. Dersom du har ulik bekymring for fleire barn i ein familie, må du sende inn eitt skjema per barn.

Når du har sendt bekymringsmeldinga kan du trykke på «Vis kvittering» for å få opp det som er sendt inn. Då kan du velja å skrive ut, enten som PDF eller i papirversjon. Det er viktig å nytta denne funksjonen slik at du får arkivert bekymringsmeldinga i eige arkiv på det aktuelle barnet.

Spørsmål? 

Dersom du har spørsmål om nasjonal portal for bekymringsmelding, eller ønskjer hjelp til å koma i gong med å bruka løysinga, ta kontakt med SIB, mottakstelefon 975 52 163.

I rettleiaren Betre tverrfagleg innsats for barn og unge i Stord kommune (BTI) finn du korleis ein skal gå fram ved ulike situasjonar.