For å bestille time til fysioterapeut tar du direkte kontakt med ein av fysioterapeutane med driftsavtale (Frikort): Fysioterapeutar med driftsavtale finn du her

Fysioterapeutar tilsett i kommunen gir tilbod til innbyggjarar som IKKJE kan nytte institutt, til dei som bur på institusjon og gir bistand til hjelpemiddelformidling. 

Den kommunale fysioterapitenesta består av fysioterapeut tilsett i kommunen eller fysioterapeut med driftsavtale frå kommunen (avtaleterapeut/Frikort).

Fysioterapi for barn og unge finn du informasjon om her

Korleis søkje

Du kan søkje via søknadsskjema her

  • Søknad om fysioterapi og basseng
  • Søknad om fysioterapi og basseng. PDF
     
  • Du kan henvende deg via dei tenester du allereie har 
  • Dersom du har teneste frå før kan du sende ein beskjed eller melding via Helsenorge.no.  
  • Kvar henvending vil verta vurdert opp i mot om ein fyller kriteria for å vera mottakar av tenesta. Alle henvendingar vert prioritert etter ein prioriteringsnøkkel.
  • Teieplikt: Dei tilsette har teieplikt om personopplysningar. 

Tilsette

Ikkje send personsensitive opplysningar på e-post. Dette for din eigen tryggleik.

NamnTittel
Tonje Hovland
Tlf. 48189821
E-post: tonje.hovland@stord.kommune.no
  • Avdelingsleiar
Ole Christian Heimly
Tlf. 456 59 473 
E-post: Ole.christan.heimly@stord.kommune.no
  • Ass.avdelingsleiar 
  • Ergoterapeut
Hilde Nielsen Nordtveit 
E-post: Hilde.Nordtveit@stord.kommune.no 
  • Fysioterapeut
  • Heimerehabilitering
Rolf Kristian Almås
E-post: rolf.kristian.almås@stord.kommune.no
  • Fysioterapeut
  • Dagrehabilitering
Frida H. S. Andreassen 
E-post: Frida.Helene.Skaug.Andreassen@stord.kommune.no
  • Fysioterapeut
  • Friskliv og Meistring
Kristin Furset 
E-post: Kristin.furset@stord.kommune.no
  • Fysioterapeut
Selma Sæterdal Sanyang
E-post: selma.saeterdal.sanyang@stord.kommune.no
  • Turnusfysioterapeut
Pia Øyerhavn Valvatne
E-post: pia.oyerhavn.valvatne@stord.kommune.no 
  • Fysioterapeut
Malene Bjelland Nordhus
E-post: malene.bjelland.nordhus@stord.kommune.no
  • Fysioterapeut

 

Eigenbetaling

Kven skal betale eigenandel?

  • Dei som får oppfølging av fysioterapeut utanfor institusjon vert belasta med eigenandel inntil frikortgrense
  • Dersom personen uteblir utan varsel eller ikkje avlyser avtalen før avtalt tid kan personen krevjast inntil honorartakst for undersøking eller behandling

Kven skal IKKJE betale eigenandel?

  • Barn under 16 år
  • Personar med godkjent yrkesskade (gjelder også soldatar i førstegongstenestene)
  • Personar som har tverrfaglige tenester som heimerehabilitering og dagrehabilitering
  • Personar som gjennom fysioterapeut får hjelp til å søke på hjelpemidlar frå nav hjelpemiddelsentral
  • Personar som har midlertidig opphald på institusjon (korttidsopphold eller rehabiliteringsopphald), og der det skal gjerast kartleggingsbesøk i heimen med eller utan personen til stade
  • Personar med vedtak om langtidsplass i sjukeheim
  • Personar med frikort for helsetenester

Dette kan pasienten forvente av informasjon om eigenandel frå fysioterapeuten

  • Fysioterapeuten informerer om eigenandel når avtale vert gjort første gang

Korleis vert eigenandel innkrevd og informasjon om faktura

Korleis eigenandel vert kravd inn

Fysioterapeuten kvitterer ut og journalfører gjennomført fysioterapioppfølging i journalsystem. Personen vert informert om at kravet vert sendt.

Faktura

Personen som har hatt oppfølging av fysioterapeut vil få tilsendt faktura fra Stord kommune ein gang pr måned. Dersom personen betaler for andre tenester i kommunen, vil ein få samlefaktura der fysioterapi er spesifisert.

Faktura kjem etterskotsvis. Det betyr at fakturaen kan komme etter at HELFO har gjort vedtak om frikort.

Eigenandelstak og frikort

Personen får frikortet for helsetjenester innan tre veker når ein har betalt over kr 2921.- i egenandeler i 2022. Frikortet og vedtaksbrevet fin personen når ein loggar seg inn på https://www.helsenorge.no/mine-egenandeler/. Personen får tilsendt SMS eller e-post når vedtaket om frikort er fatta, avhengig av kva varselval ein har gjort på helsenorge.no. Har ein betalt for mye, får ein automatisk tilbakebetalt det ein har krav på. 

Gruppetilbod

Aktiv A (Aktiv med artrose)

  • Gruppetrening for deg med hofte- og/eller kneleddsartrose
  • Du må vera i stand til å gå utan hjelpemiddel og komme deg til trening på eigenhånd.
  • Innandørs trening i sal med fokus på styrke og stabilitet
  • To gongar i veka med oppstart haust 2025

Aktiv senior (65+)

  • Gruppetrening for deg som er heimebuande, men erfarer at formen ikkje er slik den ein gong var.
  • Du må vera i stand til å gå utan hjelpemiddel og komme deg til trening på eigenhånd.
  • Stryke og utholdenheitstrening
  • To gongar i veka med oppstart vår og haust

Parkinsongruppe

  • Gruppetreninga inneber oppfølging med logoped i 30 min, og trening med fysioterapeut i 45 min. 
  • Deltakarane blir inndelt i grupper etter funksjonsnivå. Ei gruppe får tilbod i fem veker, deretter får neste gruppe tilbod i fem veker. 
  • Onsdager: 11.30

Aktiv etter kreft

  • Tysdagar kl. 13.00-14.30
  • 1 time trening saman med fysioterapeut og 30 min sosialt i etterkant 
  • Fokus: Tilpassa fysisk aktivitet og styrketrening, auka livskvalitet og meistringsevne
  • Trykk her for meir infromasjon

Styrke og balansegruppe

  • Tysdagar kl. 10.30-11.30

Muskel og skjelettgruppe i basseng (Blir drevet av treningskontakt i basseng)

  • Fredager kl 12.00-13.00

Gruppatilboda til Friskliv og Meistring finn du her

Gruppetilboda til ergoterapitenesta finn du her 

Terapibading

Terapibading er kun for brukarar som bur i Stord kommune. Unntaket er dei som jobbar i Stord kommune. 
 

Varmtvassbassenget er 12 m x 15 m stort og har ei djupne frå 0,70 til 1,50 m. Vasstemperaturen er 34 gr. Bassenget har eigen garderobe for funksjonshemma, med heis frå garderobe til basseng, og rullestolrampe ut i bassenget. I garderobane er det tilgjengeleg rollator og dusjstolar.

Kontakt for terapibading: Marlen Fajardo Omana, tlf 94 17 55 67 eller e-post: Rehab.basseng@stord.kommune.no 

Ved behov oppfølging frå fysioterapeut (eigne takstar - Se eigenbetaling) tek fysioterapeut kontakt for avtale, samt lagar treningsprogram. Vidare må ein bestille time og trene på eigenhand. Det er mogleg å ta kontakt med fysioterapeut undervegs.

Kostnad

  • Pris for alle over 18 år sjå punkt for prisar
  • Det vert sendt faktura i etterkant
  • Om du uteblir frå timen utan varsel 24timar før, blir du fakturert 300kr for manglande oppmøte. Ved akutt sjukdom, gi beskjed snarast råd.  

Opningstider for terapibading er

  • Tysdag kl 09.00 – 14.00
  • Torsdag kl 09.00 - 13.00
  • Fredag kl 09.00 – 11.30.

Hygienereglar for basseng er oppslått i garderoben.

 

Kriteria for bruk av Handicap-garderobe på Stord kommunale rehabiliteringssenter.

Alle som brukar HC-garderoben må godta at andre personer brukar HC-garderoben mens dei er i bassenget.

Prioritet 1

Brukar har bruk for takheis, dusjbenk eller stellebenk.

Prioritet 2

Brukar treng hjelp av motsett kjønn. Bruken avgrensast til 10 ganger også må dei vike for nye brukarar. Står det ingen på venteliste så kan brukar få tilgang fleire gongar. Brukar mistar plassen sin dersom dei to gongar ikkje har gitt beskjed om fråvær. 

Ved auka press må det vurderast avgrensing for prioritet 1. 

Hjelpemiddel du kan kjøpe sjølv

Viste du at du kan gå til innkjøp av enklare hjelpemiddel sjølv?

Stord kommune har liten kapasitet i forhold til etterspurnad om ergoterapitenesta. Grunna lang ventetid anbefalar me deg å sjå på mogleiken for å gå til innkjøp av til dømes desse hjelpemidla sjølv.

  • Rullator
  • Dusjkrakk
  • Armlene til toalett 
  • Krykker 
  • Småhjelpemiddel til kjøkken 
  • Samtaleforsterkar / lydforsterkar 
  • God kvilestol

 

Hjelpemidla kan du blant anna kjøpe på ditt lokale apotek, bestille på nettsida til apoteket eller i nettbutikar for hjelpemiddel. Samtaleforsterkar/lydforsterkar kan du kjøpe på din lokale elektronikk butikk. I din lokal møbelbutikk kan du kjøpe ein god kvilestol. 

Prioriteringsnøkkel

Prioritet Eksempel

Prioritet 1 

Maksimal ventetid er 7 dagar.

Rask intervensjon vert vurdert å ha særleg stor betyding for at brukaren kan oppretthalde primærfunksjonar og lindring.
 

  • Personar med kort forventa levetid/terminal fase
  • Personar med akutt behov/alvorleg og brått funksjonstap
  • Akutte overgangsfasar
  • Vaksne/eldre med lungeproblem, akutt fase
  • Vaksne /eldre i terminal fase med kort forventa levetid
  • Vaksne/eldre som har eller står i fare for å utvikla trykksår

Prioritet 2

Maksimal ventetid er 14 dagar.

Tidleg intervensjon vert vurdert å ha stor betyding for at brukaren kan gjenvinne, oppretthalde eller utvikla/betra funksjons- og meistringsevne.

  • Personar der funksjon eller smertetilstand vil bli vesentleg forverra dersom intervensjon vert utsett
  • Personar med brått funksjonstap
  • Personar som er i overføringsfasar der tiltak må påbyrjas raskt
  • Personar som har behov for tiltak for å få/beholde utdanning/arbeid
  • Vaksne/eldre med lungeproblem, aktiv fase
  • Vaksne og eldre med alvorlege og/eller kroniske lidingar i aktiv fase
  • Vaksne og eldre med forverring i psykisk helse, livskvalitet og funksjonsevne
  • Nyopererte
  • Vaksne og eldre med fallrisiko utan tidlegare igangsatte tiltak.
  • Vaksne og eldre med demens/kognitiv svikt der det er stor fare for skade eller brann
  • Rehabiliteringspasienter
  • Tilrettelegging ved utskriving fra 2. linetenesta
  • Hurtig progredierende lidingar
  • Kreft i terminal fase
  • Når vår vurdering er ei forutsetning for vidare oppfølging /behandling av andre tenester

Prioritet 3

Maksimal ventetid er 30 dagar.

Intervensjon er forventa å ha betyding for at brukaren kan oppretthalde eller utvikle/betre funksjons- og meistringsevne.

  • Personar med byrjande funksjonstap
  • Personar med deltaingsutfordringar
  • Slitasje på pårørande og tenesteutøvarar
  • Vaksne og eldre med langvarige psykosomatiske plager
  • Vaksne og eldre med langvarige /kroniske lidelser
  • Vaksne og eldre med fallrisiko
  • Behov for utredingar og funksjonsvurderingar, f. eks ifht. bustad, biltilpassing, eller kognitiv fungering
  • Vurdering i samband med henvising til spesialisthelsetenesta
  • Overgangsfasar f eks. overgong frå skule til arbeidsliv, byte av arbeidsplass, flytting til ny bustad
  • Problem ved utføring av daglege aktivitetar, som f. eks. å kunne bu i eigen bustad, delta i arbeidsliv, eller meistre omsorgsansvar (både somatikk og psykiatri)
  • Oppstart av individuell plan

Prioritet 4

Maksimal ventetid er 90 dagar.

Intervensjon er forventa å ha betyding for brukaren sin funksjons- og meistringsevne. Det anses som fagleg forsvarleg at intervensjonen vert planlagt fram i tid.

  • Personar med behov som kan planleggast
  • Vaksne og eldre med varig nedsett funksjonsnivå/kroniske lidingar i stabil fase
  • Behov relatert til hjelpemidlar, vegleiing og vedlikehaldstrening/behandling.
  • Bistand i overgangsfasar (f. eks skule-dagsenter-arbeid)

Besøkstid

Eining for aktivitet og re/habilitering har innført at besøkjande til Stord kommunale rehabiliteringssenter må ha avtale med tenesteytar

Har du ein beskjed eller melding som påverkar behandling og besøk, ber me deg nytte Helsenorge.no.  

​​Er du ny brukar Send elektronisk søknad til kommunen om «kommunale helse- og omsorgstenester»

​Har du behov for kontakt med våre tenester på telefon, gjer du det via Fellestenester på telefon 53 49 66 00.

Me ynskjer å gi den beste kvaliteten på tenestene våre. Ved å innføra avtale for besøk får tilsette betre tid til å gje brukarane våre gode tenester ved at ein unngår stadige avbrot i arbeidsdagen. Me handterer personsensitive opplysningar i våre lokale og tiltaket førebyggjer også brot på personver