Målgruppe

Grunneigarar/jaktrettshavarar

Vilkår

Viltartar har ulike krav til areal. Det teljande arealet er lik talet på dekar av dei arealslaga som kvar art bruker regelmessig over fleire år. Kommunen avgjer kva som er minstearealet for at eit vald skal godkjennast.

Rettleiing

Du må sende skriftleg søknad med

  • opplysningar om kva for art eller artar søknaden gjeld for
  • kart som viser grensene for valdet
  • oversikt over eigedommane som valdet omfattar (med gards- og bruksnummer) og storleiken på kvar eigedom
  • oppgåve over teljande areal for den eller dei aktuelle artane
  • skriftleg samtykke frå alle jaktrettshavarane i valdet
  • namn og adresse på den oppnemnde representanten for valdet

Søknadsfrist

1. mai for elg, hjort og rådyr og 15. mai for villrein

Saksbehandling

Godkjenning av vald skal skje innan 15. juni.

Kommunen/villreinnemnda skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen/villreinnemnda før klagefristen for vedtaket ender.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak som er gjort av kommunen, og Direktoratet for naturforvaltning for vedtak som er gjort av villreinnemnda. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Kontakt oss

Åse Meling Underhaug

Tlf: 932 72 758

Send e-post