Vald som disponerer eit vist tal fellingsløyve kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for jakt på hjort. Kommunen skal godkjenne planen og gir i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden. I Stord kommune er Stord hjortevald godkjend som storvald.

Stord kommune har avtale med Stord ettersøkslag om ettersøk etter påkøyrd hjort. Ettersøk i forbindelse med jakt vert kosta av det enkelte valdet, kommunen formidlar kontakt mellom valda og ettersøkslaget.

Målgruppa

Grunneigarar/jaktrettshavarar

Vilkår

Det må ligge føre ei godkjenning av vald for hjort. Kommunen fastset forskrift om minsteareal som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr. Minstearealet i Stord kommune er 750 daa.

Jakttida er frå 1. september til og med 23. november. Fylkesmannen kan, etter søknad frå kommunen, vedta å utvida jakta fram til 31. januar.

Rettleiing

Det skal ikkje søkjast om fellingsløyve. Kommunen skriv ut eit årleg fellingsløyve og sender det til valdansvarleg representant innan 15. juni.

Søknadsfristar

Godkjenning/ endring av vald 15. mai.

Melding om endringar i vald (grenser, eigedomsforhold, teljande areal etc.) 1. april.

Godkjenning av bestandsplan 15. mai.

Søknad om ekstra fellingsløyve 1. mai. 

Klage

Du kan klage på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det aktuelle arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du mottok løyvet.

Klaga sender du til den instansen som har fatta vedtaket. I klaga skal du opplyse om kva du ønskjer endra i vedtaket, og grunngi dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing.

Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen. Før klaga blir send, skal den instansen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom du ikkje får medhald fullt ut, vil saka gå vidare til klageinstansen.