Det er fritt fiske i alle vatn i Stord og Fitjar, med unntak av Ådlandsvatnet som er eit lakseførande vassdrag, og der det berre er lov til å fiske brunaure.

Fiske i sjøen

I sjøen er fritidsfisket fritt, noko som er ein viktig del av allemannsretten, og ein kan fiske utan løyve frå grunneigaren. Dette gjeld også laksefiske i sjøen med stong, men fisket må skje minst 100 meter frå elveutløpet. Det frie fisket gjeld også fiske med fastståande reiskap.

Eit unnatak frå fritt fiske er fiske med fastståande reiskap etter anadrome laksefisk. Her har grunneigaren fyrsteretten på og nær eigen grunn.

Det finst eit omfattande regelverk for fisket i saltvatn. Det handlar om både lovleg reiskap, merkingsplikt og fisketider. For fiske med stong eller andre handreiskapar er det relativt få restriksjonar.

Ådlandsvatnet

jf Forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag - Lovdata er det kunn lov å fiske aure i Ådlandsvatnet i tida 01.07 og 15.08.  Sesongkvote per fisker er 5 sjøørret. 

Villlaks er freda og skal settast ut igjen.

Ta kontakt med Ådlandsvassdraget fiskelag | facebook for fiskekort.