Tidlegare planar

For å få ei meir effektiv og framtidsretta forvaltning av hjort i Stord og Fitjar, utarbeida Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor i 2005 ein forvaltningsplan for hjorten på Stordøya. Planen er revidert og vedteke i Stord kommunestyre i 2018. 

Hovudmålsetjingane har vore å forenkla valdsstrukturen og å få ei meir kjønnsbalansert hjortestamme. Nokon av måla vert det framleis arbeida mot, mens andre langt på veg er innfridd. Til dømes er talet på vald på Stordøya redusert frå 48 i 2005 til 22 i dag, mykje takka vere samanslåinga til storvald i Stord kommune.

Dagens forvaltningsplan har fleire langsiktige mål om mellom anna bestandsstruktur som det vil og bør ta tid å nå. Planen er difor framleis gyldig og relevant, men vil bli revidert med jamne mellomrom for å best tilpassast bestandsmessige og administrative endringar.