Tenester
Avlastning (rullerande opphald) - eit tilbod til enkeltpersonar eller familiar som har tunge omsorgsoppgåver. Avlasting skal hjelpe til at omsorgsytaren får eit liv med god helse og tid til ferie og fritid. Avlasting også kan bli tildelt som tenester/oppfølging i heimen.
Dagaktivitetstilbod for personar med demenssjukdom - er for personar med ein mild til moderat demenssjukdom. Me ønskjer å gi denne gruppa aktive og meiningsfulle dagar, då beheld ein ferdighetene lenger. Samstundes kan pårørande få verdifull avlastning.
Demensavdeling i heimebaserte tenester (personretta tenester og heimehjelp)
Demensteam - legg tilrette for tidleg utgreiing og diagnostisering av personar med demens, slik at rett tiltak vert sett i verk for brukar og pårørande.
Demensrådgjevar - vil kome i kontakt med pasient og pårørande tidleg i forløpet, samt å gje råd til tenestene i høve målgruppa.
Heimehjelp - er eit tilbod til deg som framleis vil bu heime, men treng hjelp til reingjering eller handling. Du må søkja kommunen om heimesjukepleie. Bruk skjema søknad om helse- og omsorgstenester.
Heimesjukepleie - er helsehjelp som blir gitt heime hos pasienten. Du må søkja kommunen om heimesjukepleie. Bruk skjema søknad om helse- og omsorgstenester.
Velverdsteknologi - er teknologiske løysingar som kan bidra til auka tryggleik, sjølvstende og aktivitet. Døme på velferdsteknologi er tryggleiksalarm, fallalarm, dørsensor, sengesensor, GPS, medisindispenser og digitalt tilsyn.
Hjelpeorganisasjonar og nyttig informasjon
Aktivitetsvenn (nasjonalforeningen for folkehelse) - du eller din pårørande som har fått demens vil kanskje oppleva at enkelte aktivitetar kan bli vanskelegare å gjere åleine. Ein aktivitetsven gjer det enklare å kome seg ut og oppleve ting du sett pris på.
Framtidsfullmakt - statsforvaltaren - Ein framtidsfullmakt er ein fullmakt til én eller fleire personar om å representera fullmaktsgjevaren etter at fullmaktsgjevaren på grunn av sinnsliding, herunder demens, eller alvorleg svekka helbred ikkje lenger er i stand til å ivareta sine interesser innan dei områda som er omfatta av fullmakta.
- Lindrande omsorg - frivillige som kan tenka seg å bidra i ei tid der livet har tatt ei vending mot sjukdom eller ein siste livsfase.
Nasjonalt senter for aldring og helse - er ein statleg organisasjon som utviklar kunnskap og kompetanse om aldring og eldrehelse i Noreg. Forskningsbasert kunnskap, praktiske verktøy og gode løysingar for eldre, pårørande og helse- og omsorgspersonell.
Rødekors besøksven - er eit tilbod for menneske som av ulike grunnar ynskjer meir kontakt med andre mennesker. Røde Kors Besøksvenner bidrar til å gjera kvardagen lettare for einsame i alle aldrar.
Støttekontakt - er eit tilbod om individuell støtte-/fritidskontakt, deltaking i aktivitetsgruppe og/eller individuelt tilbod i samarbeid med ein frivilleg organisasjon.
Verge - statsforvaltaren - Det kan oppnemnast verje for den som treng hjelp til å ivareta sine eigne interesser, anten økonomisk eller på anna måte.