Kven kan søke om dagtilbod ved Sæbø gard?
Søkjarar må vera ferdige med vidaregåande skule. Søknad skal sendast til Tildelingskontoret. Søknad om helse- og omsorgstenester finn du lenger nede på sida.
Dei viktigaste oppgåvene våre:
- vedproduksjon
- blomeproduksjon
- gardsdrift (stell og vedlikehald av gardstunet, beiteområdet og gjerda)
- dyrestell. Me har for tida sauer og ender.
Målsetjinga for Sæbø gard
Det skal leggjast vinn på trivsel, meistring, sosial trening og sjølvstendiggjering gjennom det daglege arbeidet på garden. Arbeidstakarane skal få høve til å dyktiggjera og utvikla seg.
Sæbø gard skal vera ein ressurs også for nærmiljøet. Garden ligg i eit fantastisk naturområde, som andre kan nyta godt av.
Ved for sal
Me sel ved i 40-literssekkar.
- Furu: 85 kr/sekk
- Lauvved: 95 kr/sekk
Transport til døra di: 250 kroner. Du kan eventuelt hente veden sjølv etter avtale.
Ring oss, eller send gjerne ein e-post, sjå informasjon til høgre. Sender du e-post, oppgje namn, adresse (inkludert postnummer og poststad), telefonnummer, type ved og kor mange sekkar. Me leverer fortløpande, og prøver å få effektuert bestillingane i løpet av ei veke eller to.
Kontakt oss
OBS! stengt i juli
Avdelingsleiar:
Signe Kvammen
Mobil: 975 52 220
Send e-post til kvammen
Kontor: 53 49 67 97
Hovudhuset:
- 469 12 692
Storahuset:
- Basen: 469 58 135
- Kantina: 469 54 036
Finne fram:
Sæbøvegen 51, 5412 STORD
(Forbi Skrivargarden, ned mot sjøen, vidare gjennom alléen)
Kart