Demensteamet i Stord kommune er eit tverrfagleg team sett saman av ein sjukepleiar og ein ergoterapeut.
Føremål
Føremålet med arbeidet i demensteamet er å leggje tilrette for tidleg utgreiing og diagnostisering av personar med demens, slik at rett tiltak vert sett i verk for brukar og pårørande.
Kvifor er utgreiing av demens viktig?
- Tidleg diagnostisering og sikra rett diagnose
- Kan gi høve til medikamentell behandling som senkar utvikling av demens
- Kan gi behandlingstilbod i dagavdeling
- Gir høve til iverksetjing av tiltak som praktisk hjelp i heimen, heimesjukepleie og korttidsopphald i sjukeheim.
Arbeidet i teamet
Demensteamet brukar kartleggingsverktøyet utarbeidd av Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens: Demensutredning i kommunehelsetjeneste.
Demensteamet mottek tilvising frå lege, heimesjukepleie, kundetorg,brukar og pårørande.
Teamet innehar informasjon og tek kontakt for å avtala heimebesøk. Det er alltid pårørande som vert kontakta for å laga avtale.
Til heimebesøket set ein av ca. to timar der følgjande vert kartlagt:
- Aktivitetane i dagleglivet
- Mental funksjon og åtferd
- Pårørande sin situasjon
- Tryggleik i bustad
- Nettverk og noverande tiltak
Ergoterapeut og sjukepleiar går saman på heimebesøk, og både brukar og pårørande er tilstades. Sjukepleiar har samtale med pårørande om korleis brukar fungerer, og pårørande sin situasjon i forhold til brukar. Ergoterapeut har samtale med brukar der ein blant anna tek MMSE-test og klokketest og går gjennom tryggleik i heimen.
Etter heimebesøket vert det skrive ein rapport som vert sendt til fastlege saman med kartleggingsskjema. Demensteamet ber pårørande/brukar bestilla time hos fastlege.
Fastlege gjer dei nødvendige tiltak for å setja diagnose.
Brukarar som får ein demensdiagnose får oppfølging i form av hjelpetiltak i samarbeid med tildelingskontoret.