Dersom du tek imot tenester frå den kommunale eldreomsorga, skal du så langt det er mogleg få eit verdig tenestetilbod som er tilpassa dei individuelle behova dine. Du har sjølvråderett og skal møte respekt for den du er og for livsførselen din. Ein skal ta omsyn til
-
at du har ei buform som er riktig ut frå ditt behov og din tilstand
-
at du har eit variert kosthald og tilpassa hjelp ved måltid
-
at du har eit mest mogleg normalt liv, med ein normal døgnrytme og høve til å komme ut i friluft og få nødvendig hjelp til personlig hygiene
-
at du får tilbod om samtalar om eksistensielle spørsmål
-
at du får lindrande behandling og ein verdig død
-
at du held ved lag eller aukar høvet til å fungere i kvardagen
-
at du får forsvarleg oppfølging av lege og anna personell
-
at du får einerom dersom du bur på ein helseinstitusjon
-
at du får bu med ektefellen din dersom de ønskjer det.