Utklipp frå boka. |
Barnehageåret 2023/2024 me barnehagen, i samarbeid med forfattar og forlagseigar Helge Hammersland, eit felles prosjekt der alle barna og vaksne laga bok ilag.
I prosessen med å laga boka brukte me element frå metodikken «Write an Opera». Hovudmålet i denne metodikken er at alle barn skal få bidra uavhengig av føresetnadene sine, og at me vaksne skal legga til rette for at alle barn skal få bidra. «Write an Opera» handlar om; å sjå og bli sett, og høyre og bli høyrt, og gjennom demokratiske prosessar skal barna kome fram til ein felles produkt.
Prosjektet i 3 fasar
Gjennom barnehageåret jobba me med prosjektet i 3 fasar.
Fase 1 er ein førebuingsfase. I denne fasen las me mange bøker ilag med barn, både i mindre grupper og felles i heile barnehagen der me hadde boka oppe på projektor. Me dukka ekstra inn i bøkene si handling og snakka mykje ilag med barna om kva ei bok er og kva som må til for at me skal kunne laga ei bok. Me fabulerte óg rundt kva det vil seia å lage ei bok, kva ein forfattar er og korleis me lagar ei historie.
I fase 2 begynte me å produsera boka. Gjennom leik, samarbeid og utforsking skapte barna karakterane, laga teikningane og historia i boka. Deira idear, tankar og glødane fantasi tok oss med på ei eventyrleg reise.
Det ferdige materialet blei så levert til Helge Hammersland som gjorde den tekniske delen av boka. Medan boka blei sendt til trykkeri, laga barn og vaksne kostymer og kulisser til førestillinga me skulle ha i juni.
I fase 3 las me masse i boka, leika historia og øvde på framsyninga me skulle vise på bokslepp i juni.
Kvifor eit slikt prosjekt i barnehagen?
I Trodlahaugen barnehage byggjer me vårt pedagogiske grunnsyn på trua på «det kompetente barn». Me skal møte alle barn ut frå deira individuelle behov, modning og ynskjer om læring og utvikling. Alle barn kan, og har sine føresetnader for å lære og utvikle seg. Vår oppgåve som vaksne vert å legge til rette for barna sine innspel, deira leik og læring.
Gode og varierte opplevingar er viktig for å skapa glede, nysgjerrigheit og utvikling. Viktigast av alt er at barna får høve til å delta og å aktivt medverka med innspel, idear og si eiga kompetanse. Dei kollektive erfaringane styrkar samhaldet i barnehagen, og bidreg til at nye venskap blir etablerte. Samspelet mellom barna er ein viktig del av læreprosessen og me må difor gjera barna viktige for kvarandre. Gjennom å vere samla rundt noko som bidreg til gode opplevingar, interesse for den andre sitt engasjement, humor, glede og samarbeid, kan barna lære av kvarandre.
Prosjektet vårt blei avslutta med bokslepp der alle barna og vaksne var med å dramatiserte boka for eit stort publikum.
Dersom du ynskjer å kjøpe boka vår, kan du ta kontakt med oss i barnehagen.
Lørdag 5. oktober skal me lese boka vår på «bok og boller» på Stord folkebibliotek. Du er hjarteleg velkommen!