Dagsrytmen

  • Barnehagen opnar kl 06.30. Fram til frokost kan barna leike på dei romma dei ynskjer. Det er vaksne i alle rom.

  • Mellom kl. 08.00-09.00 er det fleksibel frokost. Då et dei store barna på kantina, og dei små barna inne på småbarnsavdelingen.

  • Frå kl. 09.30- 14.30 er det gruppetid. I denne tida er barna på dei ulike aldershomogene gruppene på avdelingane. Dei et frukt og har ulike aktivitetar, og leik ute og inne. Og dei går på tur i nærområdet. Kl. 11.30-12.30 et barna lunsj og har kvilestund.

  • Kl 14.00 et barna eit mellommåltid som består av knekkebrød, frukt og vatn.Frå ca. 14.30 og fram til barnehagen stengjer kl 16.15 er barna felles på avdelingane. Då kan barna velje dei romma, aktivitetane og leiken dei ynskjer å delta i. Det er vaksne på alle rom.

Foreldreråd og Samarbeidsutval

Foreldreråd

Foreldrerådet er foreldre / føresette til alle barna i barnehagen. Foreldrerådet er arena for foreldra til å ta opp og diskutere kring saker dei ønskjer å løfte opp til leiinga i barnehagen. Det er og arena til å diskutere utspel og forslag frå barnehagen som vedgår endringar og større avgjersler i høve alle barna i barnehagen. Foreldrerådet vel to representantar som skal sitje i barnehagen sitt samarbeidsutval (SU). Representantane skal fremje foreldre/føresette sine interesser, og bidra til at samarbeidet mellom barnehage og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Det er i foreldreråd 27.08.2014 stemt for at representantar veljast for to år om gangen.

Samarbeidsutval

Samarbeidutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet er sette saman av foreldre /føresette og ansatte i barnehagen slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehagen sin eigar kan delta etter eige ønskje, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. Styrar deltek på møte som informant og referent.

Foreldre repr.Choofa Lindkvist91990358choofalindkvist@gmail.com
Foreldre repr.Silje Malene Vallestad920 89 899sil-v@online.no
Vara foreldre repr.Christine Marie Aarøe Moland95962990cmoland93@gmail.com
Vara foreldre repr.Kristin Lyngås Føyen98099334foyenk@gamil.com
Pers. repr.Berit Hordvik Nylund996 92 774berit.hordvik.nylund@stord.kommune.no
Pers. repr.Karoline Steinsvåg975 83 470karoline.steinsvag@stord.kommune.no
Vara pers. repr.Dennis Creemers dennis.creemers@stord.kommune.no
Vara pers. repr.Elisabeth Amundsen Olsen elisabeth.amundsen.olsen@stord.kommune.no
Pol. repr.Per Jan Ingebrigtsen951 35 989pjin@broadpark.no
Vara pol. repr.Constanse Leth Iversen920 39 808constanse.iversen@outlook.com

        

Informasjon

  1. Lov om barnehagar: § 20 Teieplikt. Dei som arbeider i barnehage har teieplikt om det dei får vita om nokon sine personlege forhold. Med dette meiner ein mellom anna opplysingar om fysisk og psykisk helse, familie- og heimeforhold, bustadforhold, økonomi eller klientforhold til det offentlege.Barnehagepersonalet har opplysingsplikt til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert misshandla i heimen, eller det føreligg andre former for alvorleg omsorgssvikt.
  2. Informasjon
    De finn aktuell informasjon på barnehagen si heimeside. I tillegg vert informasjon sendt på MyKid og/eller epost.

  3. Oppstartsamtale
    Føresette til nye born får tilbod om oppstartsamtale med pedagogisk leiar til barnet. Me utvekslar informasjon og forventingar med meir.

  4. Dokumentasjon frå barnehagedagen
    De finn skriftleg informasjon om kva borna har gjort i løpet av dagen på MyKid. I tellegg ligg det ute periodeplanar, periodebrev, bilete og anna informasjon ute på MyKid. Ein må ha barn som går i barnehagen vår, for å kunne sjå denne informasjonen. 

  5. Sjukdom
    Born som ikkje er friske nok til å vera ute, er i hovedsak ikkje friske nok til å vera i barnehagen. Dersom barnet dykkar har særlege grunnar for å vera inne (  t.d. astma ),  ta kontakt med oss om det. Det er allmenntilstanden til barnet som avgjer om det kan vera i barnehagen eller ikkje.

  6. Medisinering i barnehage, skule og SFO
    Det er i utgangspunktet føresette sitt ansvar å sørgja for at barnet får legemidlar på rett måte og til rett tid. Dersom det er naudsynt at barnet får medisin i den tida det er i barnehagen, skal det gjerast ein skriftleg avtale mellom føresette og personalet.

    Kommunelegen har utarbeida lokale retningslinjer for medisinering i barnehage. Han har også ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med å utarbeida prosedyrar for handtering av legemidlar i barnehagar, skular og SFO.  

  7. Klede og merking av klede
    For at barnehagedagen skal verta så god som mogeleg for barnet dykkar, er det viktig at det har høvelege kle til å leika i både inne og ute. Kleda bør til dømes ikkje vera for trange, og strikk i regnbuksa til å ha under støvlane, kan vera avgjerande om ein tur vert vellukka.
    Det er viktig at borna har nok byttekle i barnehagen.
    I barnehagen går det mange borna som har like kle, støvlar / sko, matboksar, med meir. Det er difor viktig å merka dette.

  8. Garderoben
    Føresette har ansvar for å halda orden i garderobehylla til sitt barn. Det er god hjelp for oss om de tek heim regnkle og dressar til kvar helg. Då får reinhaldar høva til å vaska litt grundigare i garderobane måndag morgon.   

  9. Når barnet ikkje kjem i barnehagen
    Barnehagen skal ha melding frå føresette når barnet er sjuk eller skal ha fri. denne meldinga kan leggast inn på MyKid, eller ein kan ringa til barnehagen.

Ny i barnehagen

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet får ein trygg og god start i barnehagen.

Mål: 

Barn og foreldre møter barnehagen og eit personale som er klar for å ta imot dei og som legg til rette for ein god barnehagestart for barnet. Barnehagen skal ha ein tett dialog med foreldre om deira barn.

Slik gjer me det:

Foreldremøte for nye barn på våren.

Barnehagen sender ut informasjon til foreldre, og inviterer barn og foreldre inn til besøksdag i barnehagen før barnet byrjar. desse dagane er i slutten av juni og i starten av august.

Pedagog som skal ha ansvar for barnet tek kontakt med foreldre og avtaler oppstartstidspunkt for barnet i barnehagen ved nytt barnhageår 15.august.

Dei første dagane barnet er i barnehagen er det tett dialog mellom pedagogen og foreldre om kor lange dagar og kor mange dagar foreldra skal vera med barnet i barnehagen.

Personalet skal alltid lytta til foreldre når det gjeld barnet deira. Foreldra er ekspertane på sitt eige barn.

Foreldre kan når dei ynskjer det ringje eller kome inn i barnehagen for å høyre, sjå og oppleve korleis barnet har det.

Forelder som treng rettleiing i høve tilvenning i barnehagen, får dette av pedagogen som har ansvaret for barnet deira.

Foreldre vil få tilgong på MyKid frå den datoen barnet har fått plass i barnehagen

Foreldrebetaling

Barnehagen følgjer statlege satsar for maksimalpris på heiltidstilbod i barnehagen. Kommunestyret fastset satsar for deltidsplass.

Det skal betalast for 11 månader i året. Juli er betalingsfri. Forskrifter om foreldrebetaling gir høve til å ta ekstra betaling for matservering/drikke. Betaling for dette skal vera til sjølvkost.

Pris kostpenger:

5 dagar i veka kr. 300,- per månad

3 dagar i veka kr. 180,- per månad

Kostpenger dekkjer 3 måltid, melk og frukt kvar dag.

Barnehagen sine arbeidsmåtar

Me organiserer deler av barnehagekvardagen i form av prosjektarbeid. 

Kvar gruppe utarbeida sine prosjekt. Det gir ei ramme for noko barn og vaksne kan vere saman om, og eit miljø for læring, vekselverknad og fellesskap. Dei kollektive erfaringane styrkar samhaldet i gruppa og bidreg til at nye venskap blir etablert. I prosjektarbeid blir det einskilde barn gitt høve til medverknad og til å utvide si forståing av seg  sjølv og verda rundt seg. Det handlar ikkje om at barn skal reprodusera den vaksne sin kunnskap, men om å bli gitt høve til å skapa si eiga forståing saman med andre barn og vaksne. Samspelet mellom barna er ein viktig del av læreprosessen og me må difor gjera barna viktige for kvarandre. Gjennom å vere samla rundt noko som bidreg til gode opplevingar, interesse for den andre sitt engasjement, humor, glede og samarbeid, kan barna lære av kvarandre. I prosjektarbeid utfordrar personalet  barna sine tankar og teoriar gjennom å stilla dei ovanfor problemstillingar og oppgåver som fører arbeidet og læringa vidare. Når me arbeider i prosjekt har me sett oss som mål å undersøka, få ny kunnskap og nye teoriar. Alle sine stemmer skal bli høyrt. Det er ein vekselverknad  mellom fantasi, fantasteri og vitskap. Prosjektarbeid blir dokumentert og reflektert rundt, både av barn og vaksne.  Refleksjon skal føra til auka kunnskap og dugleikar hjå barnet. Dokumentasjonen skal hjelpa pedagogen til å oppdaga det einskilde barn og gruppa sin strategi for å læra, og gi barn høve til å sjå og reflektera over eiga læring.