Tyske marinefarty og vaktbåtar patruljera fjorden langs dag og natt. Det merkast snart at Stord herad låg på ei øy. Noko av det fyrste det kom til å skorta på var pengar. Det var nok lite med mat, brensel oga ndre ting som ein trong dagstøtt, men det som gjorde mest til at alt knytta seg til so snart, var at pengane kom utor sirkulasjonen. Verksemdene hadde ikkje pengar til lønningane, bankande måtte avgrensa uttaka, kjøpmennene laut skjera ned kreditten, o.s.b. Det heile såg svært vonlaust ut.
Stord formannskap hadde møte so å seie kvar dag dei fyrste 2-3 vekene, og noko av det fyrste det tok opp var spørsmålet om å skaffa folk betalingsmidlar. Det kunne vera fleire måtar å løysa problemet på, men svært like meinignar om beste måten, var det.
I formannskapet var desse: Severin Eskeland, ordførar, Ola Høyland, varaordførar, Th. Onarheim, Knut Huseth og Andr. Rekve. Th. Onarheim var sjuk og sakf. Johannessen møtte for han i tida 9.4 til 18.6.1940.
På formannskapsmøtet 12. april var pengespørsmålet føre, men utan at ein vart samde. Då var stoda vorti so vanskeleg for mange at formannskapet gav forretningsføraren i forsyningsnemda fullmakt til å skriva ut tilvising på matvaror til slike som ikkje fekk varer utan. Til det møtet var kalla inn forretningsføraren i forsyningsnemnda og formannen i jordstyret og Stord kjøpmannsforening.
Til møtet i formannskapet 13. april var direktøren for Stordø Kisgruber C. Nielsen, kalla inn. På det møtet drøfta ein nøye spørsmålt om korleis ein på beste måten for dei som trong det og på greiaste måten for Stord kommune skulle skaffa betalingsmidlar åt folk. Det var serleg 3 utvegar som vart drøfta: 1. skriva ut tilvisingar i kvart einskilt høve. 2. skriva ut sjekkar som i sume høve ville kunne nyttast oppatt. 3. prenta pengesetlar.
Alle vart snart samde om at å bruka tilvisingar var for tungvint. Direktør Nielsen rådde sterkt til å bruka sjekkar. Å prenta pengar måtte me ikkje tenkja på. For det fyrste var det ulovleg, og dertil var det ingen som ville godta dei som betalingsmiddel, sa han. Ein av formannskapet gjekk inn for direktør Nielsen sitt syn. Serleg heldt han sterkt fram det ulovlege ved å prenta pengar. Alle i formannskapet var klår ov er det, likevel var det 3 av medlemmane som gjekk inn for den løysinga, då dei meinte ho var den mest praktiske, og lovløysa rådde grunnen likevel i dei dagar. Ordføraren, som kanskje kjende ansvaret tyngst, ville sova på det til dagen etter.
Sundag 14. april sa ordføraren frå at han ville gå inn for å prenta pengar, men han ville dei skulle heita “trygdesetlar”. Det hadde ingen noko mot, og etter litt drøfting vart ein samd om denne formularen: Stord herad gjev trygd for N. N. kroner.
Det vart samrøystes vedteke å rå heradsstyret til å prenta trygdesetlar frå Stord kommune lydande på kr 1, kr 2, kr 5 og kr 10.
På heradsstyremøtet måndag 15. april vart det samrøystes vedteke å prenta slike setlar for tilsaman kr 25 000. Til formannskapsmøtet 16.4 var folk frå bankdireksjonane på staden kalla inn til samråding. Dei sa seg viljug til å ta mot slik trygdesetlar for opp til kr 12 500 kvar.
På møtet i formannskapet 17.4 vart det vedteke at trygdesetlane skulle prentast for desse summane: 1000 stk a 10 kr, 1500 a 50 kr, 2500 a 2 kr og 2500 a 1 kr, tilsaman kr 25 000. Heradskasseraren vart pålagd å vera tilstades og kontrollera prentinga og ta vare på setlane og klisjeen.
I formannskapsmøtet 13. mai sa heradskasseraren frå om at det ikkje var nok trygdesetlar tilå stetta trongen for utbetalingar den veka. Formannskapet vedtok å prenta nye setlar for kl 12 000 i von om at heradsstyret ville godkjenna det. Og det vart gjort samrøystes på heradsstyremøtet 31. mai.
Sunnhordland prenteverk tok på seg å prenta setlane, men ikkje kunne dei koma til Bergen og få skikkeleg papir til dei - det skulle nemleg vera ulik farge på dei ymse slag setlane - og ikkje hadde dei matrise der namnetrekka til ordførar og varaordførar var støypt inn. Men der det er vilje er det lenge ein utveg. Formannskapet vende seg til treskjerar Karl Bjelland og fekk han til å skjera klisjeen ut i hard ved. Prenteverket hadde noko helst simpelt ymseleta papir, “royal” heitte det visst, som laut gå an, og so kunne setlepressa i kjellaren til bladet Sunnhordland setjast i sving.
Ti - kronene vart prenta på gult papir, 5-kronene på raudt, og 1 og 2-kronene på kvitt papir. På baksida av setlane var bilete av Leirvik. Setlane tok seg bra ut medan dei var nye, men vart snart korvutt og lasne etter bruk. Spådomen om at ingen ville godta Stord-pengane slo feil. Alle på Stord godtok dei, men det hende ofte dei vart bruka utanom Stord og, både i bygd og by, og tekne gode nok der og.
Det hende det vart små pussige høve i samband med desse pengane. Tyskerane munde ha ein noko firkanta jus. Halvdan Hystad laut eit par gonger møta hjå dei tyske okkupantane og gjera greida for prentinga av setlane. Han vart truga både på eine og andre måten, men forsvara seg med at prenteverket hadde gjort det etter pålegg frå formannskapet, dei fekk ta det for det og ikkje han. Men tyskarane sin jus sa at det var ikkje vedtaket som var ulovleg, men prentinga. Folkevittigheta var framme då og. Her er nokre døme soleis:
At Ola Høyland sitt namn stod på setlane gav høve til ymse refleksjonar. Aftenposten hadde soleis ein notis 21. mai 1940 der det m.a. stod: “Stord kommune som har vært avskåret fra utenverdenen slik at man er kommet i mangel på det tilstrekkelige kvantum byttemidler, har gått et skritt videre og har utstedt pengesetdler med følgende tekst: Stord herad gjev trygd for EI KRONE. Seddelen er undertegnet av bl.a. Ole Høiland, - et godt navn når det gjelder konkuransen med Norges Bank.”
Då Ola Høyland kom på Stortinget, vart han med i justisnemnda. Det fekk G.J. Hambro til å koma med denne replikken ute i korridoren: “Nei nu blir det for galt. Før hadde Ole Høiland tatt seg selv til rette i Norges Bank, men nu er han satt til å påse at rettferdigheten skjer fyldest.”
Og då formannskapet kverrsette eit parti høy hjå ein utanbygdsbuande og betala det med stordsetlar, bran han ut i ein arg tone: "Her mangler et navn. Det skulle stått Gjest Baardsen også."
Men Norges Bank lika nok ikkje konkurransen. 18. september skreiv banken til Stord formannskap at han var interessert i at heradet sine trygdesetlar vart løyst inn snarast råd var. Men stordsetlane tena føremålet sitt framleis dei, so formannskapet tykte det hadde ikkje noko hast med innløsinga. Men etter ny purring frå banken vart det 5. februar 1941 vedteke å løysa setlane inn. Tida vart sett til 1. mars same året. Lysinga om det stod i Sunnhordland og Norsk lysingsblad.
Stord herad kom skadelaus frå den saka. Heradet tena helst litt på ho med di ikkje alle setlane vart innlyste, då sume ville ha dei til eit minne og ein raritet.
Skrive av Ola Høyland.
Godkjent av Stord kommunestyre den 23.03.1972.