Framnes representerer Framstegspartiet og har hatt ordførarvevet sidan 19.10.23. 

Telefon: 53 49 66 33 / 900 62 055

E-post: sigbjorn.framnes@stord.kommune.no 

Besøksadresse : Borggata 2 (rådhuset), Leirvik

Postadresse: Stord kommune v/ordførar
Postboks 304, 5402 Stord

Om å kontakta ordføraren

Ta gjerne kontakt med ordføraren. Men ha på minnet at både e-postsendingar og annan post vil bli handsama i samsvar med "Lov om offentlighet i forvaltningen." Dermed må du rekna med at innhaldet i meldinga di kan bli offentleg tilgjengeleg.

Ordførarkjedet

Ordførarkjeda

Utføring og symbol

Kjeda er utført i 925 sølv med innlagt blå emalje med gull flamme* i heradsmerket.

Kjeda er utstyrt med følgjande symbol:

  • vikingskip - symboliserer historikk tid
  • vev/vevstol - symboliserer husflidkulturen
  • hjort - symboliserer dyrelivet
  • kyrkjekor-parti - symboliserer kristenlivet
  • seglbåt - symboliserer sport og friluftsliv
  • plattform - symboliserer industrien
  • traktor - symboliserer jord og skogbruket
  • kristtorn - symboliserer plantelivet

Retningslinjer for bruk av ordførarkjeda

Ordførarkjeda skal brukast av ordføraren ved følgjande høve:

  1. Under kommunestyremøtet sine møte.
  2. Under offisielle mottakingar i rådhuset av:
    1. Representantar for Kongehus og Regjering
    2. Offisielle gjester frå inn- og utland.
    3. Ved norske og utanlandske flåtevitjingar o.l.
    4. Ved andre representasjonshøve i rådhuset der ordføraren finn det rett å bruka kjeda.
  3. Ved større offentlege og private tilskipingar der ordføraren representerer kommunen.
  4. Ved opning av større møte og kongressar, av utstillingar og messer, og ved jubileumstilskipingar der ordføraren føretek opning, helsar frå kommunen eller på anna måte representerer kommunen.
  5. Ved opning av offentlege og private bygg og anlegg der ordføraren førestek opning eller overlevering.
  6. Ved overrekking av jubileums- og andre gåver og ved utdeling av medaljar, påskjøningar, prisar, stipend og eksamensvitnemål.
    Ved avduking av minnesmerke o.l.
  7. Ved utanbygds og utanlandske vitjingar og ved andre høve der ordføraren finn det rett å bruka kjeda.
  8. Varaordføraren skal bruka kjedea etter dei same retningslinjene når han fungerer som ordførar.

Retningslinjene er vedteke i formannskapet 28.02.1980.

Historikk

Utval

Eit tremannsutval representert ved Onar Onarheim, Nils Kartveit og Per Stuve Rommetveit tok 21. februar 1979 eit initiativ for å skaffa Stord eit ordførarkjede.

Midlar / Kostnad

På grunnlag av ein førehandskalkyle tok utvalet kontakt med bankane, industrien og næringslivsorganisasjonar i kommunen for å skaffa midlar til kjeda.  Kontakten gav som resultat følgjande tilsagn:

  • Vestlandsbanken kr 3 000
  • Stord Sparebank kr 3 000
  • Stord Verft A/S kr  3 000
  • Stord Elektro  A/S kr 1 500
  • Leirvik Sveis A/S kr 1 000
  • W. Engelsen Ettf. kr 1 000
  • Stord Handelsforening kr 1 000
  • Stord Bondelag kr 500

Totalkostnaden med kjeda vart kr 15 000, herav kr 12 000 til leverandøren.

Leverandør

Sigurd Homstvedt A/S, Bergen
Juvel- og gullvarefabrikk, Bergen

Dekoratør

Olav Eldøy, Stord

Overlevering

Kjeda vart overlevert ordføraren i kommunestyret sitt møte den 5. april 1979 ved Nils Kartveit.

* Nytt kommunevåpen (på raud grunn ein gull kristorn-kvist) godkjent ved kgl.res 19.06.1987.  Kjeda vart sendt til Sigurd Homstvedt A/S for å få skifta kommunevåpen 09.03.1988

Tale ved overlevering av ordførarkjedet 5. april 1979

Herr ordførar!  -   Gode medrepresentantar!

Frå fleire  hald har det frå tid til anna vore gjeve sporadiske uttrykk for at ordføraren i Stord burde hatt ei ordførarkjede. Tidlegare initiativ har diverre ikkje ført til konkrete resultat.

Siste hausten vart spørsmålet reist på ny og eit tremanns-utval; Onar Onarheim, Per Stuve Rommetveit og Nils Kartveit, har teke nytt initiativ til å få tanken realisert.

Det er ikkje sjølvsagt at ordføraren i kommunane vanlegvis har ordførarkjede. Det er heller ikkje vanleg at det er kommunen som kostar slik kjede. Som oftast er dette ei gåve til kommunen frå innbyggjarane, representert ved næringslivet, bankar og andre, og da gjerne overrekt ved eit jubileum eller eit anna spesielt høve.

Tremannsutvalet har vend seg til bankane i Stord; Vestlandsbanken og Stord Sparebank, - til industrien: Stord Verft A/S, Stord Elektro A/S og Leirvik Sveis A/S, - til Stord Handelsforening, - til firma W. Engelsen Ettf. og til Stord Bondelag, med spørsmål om midlar til dekning av ei slik kjede. Alle har sagt ja til det beløp som det har vore bedt om.

Tremannsutvalet har og vendt seg til ein juveler i Bergen, Sigurd Homstvedt A/S, som har teke på seg å laga ordførarkjeda. Den er utført i sølv og med Stord sitt heradsmerke i emalje. I kjeda er og 8 stk emblem i sølv – som symboliserer eit tverrsnitt av arbeidslivet i kommunen, eldre og nyare tid, og vår kristne arv.

Ein av bygda sine eigne søner, interiørarkitekt Olav Eldøy, har teikna desse emblema:  Eit vikingskip symboliserer den historiske tid. Ein traktor symboliserer jordbruket. Ein vev/vevstol symboliserer husflid-kulturen. Ein kristtorn symboliserer faunaen/plantelivet. Ein reinsdyr symboliserer dyrelivet. Ein seglbåt symboliserer sport og friluftsliv. Ei plattform symboliserer industrien. Og korpartiet frå Stord kyrkje symboliserer det sterke kristne innslaget i folkelivet.

Tremannsutvalet har ikkje funne noko jubileum å leggja overleveringa av ordførarkjeda til, heller ikkje noko anna passande høve. Det einaste måtte vera at vi er glade over å sjå ordføraren på plass igjen etter sjukehusopphald. Det er ynskjeleg at ordføraren skal bera kjeda – slik som det er vanleg å gjera, ved kommunestyremøta, og når han offisielt representerer kommunen.

Eg vil be ordførar Birkenes koma og på kommunen sine vegne ta imot ordførarkjeda!

Tidlegare ordførar

PeriodeNamnStillingParti
2023-Sigbjørn Framnes  Framstegspartiet
2017-2023Gaute Straume EplandLærarArbeidarpartiet
2015-2017Harry HerstadSeniorrådgjevarTidlegare rådmann. Arbeidarpartiet. Død 2. mai 2017. Fungerande ordførar Jakob Bjelland.
2007-2015Liv Kari EskelandArkitektHøgre
1992-2007Magne RommetveitLærar og sosialleiarStortingsrepresentant for Hordaland frå 2009. Arbeidarpartiet.
1982-1991Werner HagerupYrkesrettleiarKristeleg Folkeparti
1980-1981Onar OnarheimDirektørStortingsrepresentant for Hordaland 2 periodar ( 1961-69) Høgre
1972-1979Syvert BirkenesSkulestyrarKristeleg Folkeparti
1965-1971Amund Engelsen SivilingeniørVenstre
1956-1965Onar OnarheimDirektørStortingsrepresentant for Hordaland 2 periodar ( 1961-69) Høgre
1945-1955Ola Høyland jr.BondeVart utnemnd sm mellombels ordførar av fylkesmannen i mai 1945. Samlingsliste (nordbygdi og Huglo, Leirvik, Sørbygdi og KrF)
1935-1942Severin EskelandRektorListe for Nordbygdi, Leirvik, Sørbygdi, Krf, Skatteytarpartiet. Avsett av naziststyret 1. april 1942.
1932-1934Nils ØklandKlokkarNordbygdliste
1908-1931Ole Olsen HøylandBondeSørbygdliste
1902-1907Peter Vogelius Bredal DeinbollSeminarlærar og rektorHøgre
1892-1897
1908-1910
Per LønningBondeVenstre
1884-1891
1898-1901
Østen L. EskelandBondeVaraordførar frå 1870; tenestegjorde som ordførar medan Haugland var på Stortinget. Venstre.
1864-1883Baard M. HauglandLandhandlarStortingsmann 1871-84 og 1892-95
Statsråd 1884-89 og 1895-96
1862-1863Torbjørn J. EidsvaagBonde 
1860-1861Nils Chr. SundnesBonde 
1858-1859Søren Vinsent Hagerup Landhandlar 
1854-1857Mikael Sjurson EideBonde frå Fitjar 
1953Christofer Juel OlsenBonde og smedDød hausten 1953
1852-1853Morten BaadeSorenskrivar-
fullmektig
 
1838-1851Claus Nils Holtzrod DaaeSokneprest