Kommunevåpenet til Stord vart godkjend ved kongeleg resolusjon 19.06.87, med definisjonen: 

“På raud grunn ein gull kristtornkvist. Flagget skal vera: på raud grunn ein gul kristtornkvist. ”

Kristtorn planta er vanleg på øya og er eit kjennemerke for kommunen.

Kommunevåpenet er teikna av Truls Nygård (heraldisk teiknar) i 1987.

Namnet Stord kan koma av det gamalnorske “sturdo” eller “stirdi” som tyder høg eller stiv. Det kan og koma av eit ord som tyder fruktbar jord. Her er rik vegetasjon og høge fjell og såleis naturleg grunnlag for begge tydingar.

Namnet Kristtorn går i dansk botanisk litteratur tilbake til 1684.

Her kan du lesa meir om korleis våpenet vart til og vedtaket (pdf)

Kommunevåpen og -flagg

Kommunevåpenet og -flagget blei vedteke av kommunestyret i 1987. Næringsrik grunn og gunstig klima gjer at det veks vill kristtorn på Stordøy. Stord kommune profilerer seg difor som «kristtornbyen».

Orginallogo 1987       Kommuneflagg 1987

 

Stord kommune har eigedomsretten til kommunevåpenet og –flagget. Bruken er verna av:

Stord kommunes sitt merke blir nytta av kommunale etatar og tenestepersonar i samband med kommunale gjeremål.

Det er ikkje noko til hinder for at kommunemerket blir gjeve att eller kopiert ved t.d. teikning, måling, gravering, brodering osv. når føremålet er dekorasjon, undervisning e.l. Merket må så langt råd er gjevast att i riktig form. Det er likevel ikkje tillate å nytta merket på varer som skal seljast eller på forretningsskilt eller i lysingar frå private.

Ei attgjeving av kommunemerket må ikkje nyttast på ein slik måte at med urette kan gjeva inntrykk av at vedkommande som nyttar merket har noko kommunal stilling eller er knytt til kommunen på annan måte.

Ordføraren kan i særleg høve dispensera frå reglane.

Flagging

Stord kommune flaggar med nasjonalflagget frå taket av rådhuset og fire flaggstenger framfor kulturhuset på alle nasjonale flaggdagar:

1. januar 1. nyttårsdag
21. januar H.K.H. prinsesse Ingrid Alexandras sin bursdag
6. februar Samefolkets dag
21. februar H.M. kong Harald V sin bursdag
1. mai Offentleg høgtidsdag
8. mai Frigjeringsdagen 1945
17. mai Grunnlovsdagen
7. juni Unionsoppløysinga 1905
4. juli H.M. dronning Sonja sin bursdag
20. juli H.K.H. kronprins Haakon Magnus sin bursdag
29. juli Olsokdagen
19. august H.K.H. kronprinsesse Mette-Marit sin bursdag
25. desember 1. juledag
Bevegeleg 1. påskedag
Bevegeleg 1. pinsedag
Bevegeleg Dagen for stortingsval

 

Stord kommune flaggar òg på desse dagane:

8. mars  Kvinnedagen
23. mars Nordens dag
Bevegeleg Fyrste skuledag i grunnskulane
Bevegeleg Dagen for kommunestyre- og fylkestingsval

Det blir i tillegg flagga etter oppmoding frå statlege myndigheiter ved fest eller sorg i landet, i samband med besøk frå Kongehuset og ved større arrangement i kommunen. Stord kommune markerar nyhende om større kontraktar til næringslivet i kommunen med flagg frå rådhustaket.

Grunnlovsdagen 17. mai og i samband med lokale festhendingar og arrangement blir det flagga frå alle offentlege flaggstenger i Leirvik: Tre flaggstenger i Borggata, tre ved Vestre kaisving, ei ved Hauglandsparken og ei ved Onarheimsparken.

Flaggstanga på rådhustaket er utsett for vind. Dersom det er meldt vind over 12 m/s, blir det difor flagga med stormflagg, som er halv storleik av det vanlege flagget. Er vinden for sterk, blir det ikkje flagga i det heile.

Skular, helseinstitusjonar og andre kommunale bygg flaggar med nasjonalflagget på dagar med hendingar som vedkjem den aktuelle tenesta. Ved idrettsanlegga blir klubb- og forbundsflagg brukt i tillegg.

Kommunen følgjer lov om flagging på kommunens offentlege bygningar og flaggforskrifta sine reglar om offentlege flaggdagar og -tider.