Status for skogbruket i Stord og Fitjar
I totale skogbruksarealet på omlag 47.000 daa. Av dette arealet er 42.000 daa barskog og 5.000 daa lauvskog. Dei tilsvarande areala i Fitjar er 37.000 daa som deler seg på omlag 25.000 daa barskog og 12.000 daa lauvskog. I samband med skogsdrift er det også naudsynt med skogsbilvegar for å dra ut tømmeret. Per 31.12.1997 er det bygd 113 km skogsvegar i Stord og ca 50 i Fitjar. Berre i Stord er det planlagd 43 km nye skogsvegar fram til år 2020.
Sentrale oppgåver for SFLMK
Viktige aktørar i skogforvaltninga
Utanom SFLMK har Statsforvaltaren i Vestland ein sentral rolle i forvaltninga
Vestskog BA er ein samvirkeorganisasjon som er tilslutta Noregs skogeigarforbund. Hovedoppgåva deira er kjøp og sal av tømmer. Vestskog har eigne folk som driv med driftsplanlegging og ordnar alt det praktiske rundt tømmerdrifter. Dei er største aktøren på tømmeromsetnad i regionen, men dei driv også med ei rekkje andre oppgåver som skogbruksplanlegging, næringpolitikk, kompetansebygging, utmarksforvaltning og næringsutvikling.
Skogkultur
Når det i skogen veks opp nye plantar som skal ta over etter den gamle tregenerasjonen, seier vi at skogen blir forynga. Det kan gå føre seg ved naturlig forynging eller ved skogkultur.
Når trea som står på staden forynger seg sjølve ved spreiing av frø , er det naturleg forynging. Skogkultur er arbeidet med å få opp ny skog ved hjelp av midlar som skogen sjølv ikkje rår over.
Skogkultur er da først og fremst såing og planting, men omfattar også andre tiltak som er nødvendige for å få opp ny kvalitetsskog:
- Markarbeiding
- Rydding
- Avstandsregulering
- Grøfting
- Gjødsling
Dei viktigaste fordelane ved skogkultur er at vi kortar inn ventetida og dermed får kortare omløpstid. Vi oppnår å få høveleg tette og jamne bestand med kvalitetsskog.
Vilkår
I følgje skogbrukslova har skogeigar plikt til å setja i gang foryngingstiltak innan tre år etter hogst.
Samarbeidspartnarar
Skogeigarlaget Vest, Vestskog BA
Rettleiing
Ved henvendelse til skogeigarlaget, skogkonsulenten i kommunen eller til Fylkesmannens landbruksavdeling kan du få informasjon og vegleiining.
Søknadsfrist
15. mai og 15. oktober
Klage
Vedtak fatta av kommunen kan påklagast til Fylkesmannen. Vedtak fattet av Fylkesmannen påklagast til Stastens landbruksforvaltning.