Skogfondet skal gi skogeieren et bedre grunnlag for langsiktige investeringer, samt sikre viktige miljøverdier i den skogen som virket kommer fra, eller i annen skog som skogeieren har.

Omtale

Som skogeigar har du plikt til å setje av midlar til eit skogfond. Dette fungerer som ei tvungen fondsavsetjing slik at du sjølv kan bruke dei midlane som er avsette, til seinare investeringar på eigedommen din. Du kan få pengane utbetalt når du har gjort investeringar som er godkjende for bruk av skogfond. Ved utbetaling får du delvis skattefritak, med unnatak av utbetaling som skal gå til å dekkje meirverdiavgift. Skogfondsmidlar kan brukast til

  • all form for skogkultur
  • underskott ved tynningsdrift
  • etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon
  • nybygging og ombygging av skogsbilvegar og traktorvegar
  • vegvedlikehald av skogsbilvegar
  • meirverdiavgift
  • skogbruksplan
  • skogforsikring
  • grensearbeid i utmark
  • kurs og kursmateriell (aktivt skogbruk osb.)
  • miljøtiltak
  • bioenergitiltak

Sjå: Hva kan dekkes og ikke dekkes av skogfond - Landbruksdirektoratet

Vilkår

For at skogfondsmiddel skal kunne utbetalast, må du ha gjort investeringar i eigen skog. Investeringane og tiltaka må vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege og ikkje i strid med regelverket.

Rettleiing

Skattefordelar med skogfond:

  • Den delen av tømmerverdien som vert satt til skogfond reknar ein ikkje som skattepliktig inntekt
  • Beskatninga skjer først når pengane vert brukt frå fondet
  • 85 % av uttaket vert då skattefritt.

Du sender eit refusjonskrav om utbetaling av skogfondsmidlar i Altinn.

Vedlegg

Kvitteringar og fakturaer for utgifter som du ønskjer å få dekt.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn, men du må sende krav om utbetaling av skogfondsmidlar til kommunen seinast eitt år frå utgangen av det kalenderåret du gjorde investeringa.

Saksbehandling

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.