I barnehagen lyt alle barn kjenne seg trygge i kvardagen sin. Utan tryggleiken klarar ikkje barn å leike, lære og utvikle seg. Vår jobb er å legge til rette for eit trygt og godt leikemiljø for alle barna i barnehagen.

Barn har ulike ynskjer og behov på same vis som oss vaksne. I barnehagen er det vår jobb å legge til rette for leikemiljø og gode møteplassar som gjev alle barna mogleikar til å utfalde seg i leik og læring. Nokre barn treng store flater, andre barn treng mindre flater og gjerne mogleik til å observere leiken på litt avstand i starten.

Etter kvart som barnegrupper vert trygge og utviklar seg vil det og verta behov for endringar i leikemiljøa. Det må tilpassast barnegruppa sine interesser og behov, og det må vera nok materialar som gjev rom for at fleire barn kan leike saman eller parallelt.

bilete teke ovanfrå av born som leikar ved eit bord

Val av material kan ha stor betydning, både mengd, funksjon, fleksibilitet og høve til å finne fram, kombinere, manipulere og mogleiken til å forflytte material frå eit leikemiljø til eit anna. Material utan bestemt funksjon skapar undring og stimulerer til fantasi, og kan gjerne vera lett tilgjengeleg for barna i alle leikemiljø. Materiala kan såleis dekke eit behov barna har der og då, og det er ingen som kan sei at t.d. ein dorullkjerne kan fungere som ein kikkert, eller at ein pinne kan verta til ein slange.

Møteplassar kan til dømes vera på eit teppe, i ein temakrok, kring eit bord, bak ei hylle, men uansett skal dei invitere barna til leik og undring. Interesser kan vera delte i ei barnegruppe, nokon interesser har ein felles med andre, og såleis kan gode møteplassar skapast ut i frå både barna sine særlege interesser medan andre skapast meir generelt. Kanskje vekkjer det og interessa hjå fleire barn.

Bilete teke ovanfrå der barn leikar med steinar og blad frå naturen