Grunnskuleopplæringa skal gjennomførast på ein offentleg skule, ein privat grunnskule som er godkjend etter § 22-1 eller etter privatskulelova, eller gjennom privat grunnskuleopplæring i heimen, jf. § 22-5. Barn har plikt til grunnskuleopplæring når dei har vore i Noreg i tre månader. 

Etter opplæringslova § 2-7 kan foreldre og andre som har dagleg omsorg for eit barn, straffast med bot dersom dei forsettleg eller aktlaust handlar slik at barnet er borte frå den pliktige grunnskuleopplæringa utan å ha rett til det.

Om føresette skal ta barn ut av skulen, må føresette senda melding til rektor om dette i god tid før elev blir tatt ut. Du finn søknadsskjema for utskriving under skjema lenger nede på sida.

Melding om utmelding skal ikkje nyttast der elev har søkt om og har fått innvilga permisjon frå den pliktige grunnskuleopplæringa i tråd med opplæringslova § 2-2, 4. og 5. ledd. Søknad om permisjon skal sendast via skuleadministrativt system, Visma flyt skule. Kortare fråvær grunna sjukdom, tannlege- og legebesøk og liknande meldast via fråværsfunksjon i Visma flyt skule (dokumentert/gyldig fråvær). 

Anna fråvær er rekna som udokumentert/ugyldig fråvær og blir følgt opp i tråd med kommunen sin handlingsplan for urovekkjande fråvær. Les planen under dokument lenger nede på sida.

Særskild om opplæringsplikt ved opphald i utlandet

Opplæringsplikta etter norsk lov gjeld for barn og unge som er busett i Norge. Etter opplæringslova § 2-2 fell plikta vekk når barnet oppheld seg i utlandet i tre månadar.

Dette inneber at ved midlertidig opphald i utlandet for barn og unge som er busett i Norge, opphøyrer plikta til opplæring etter norsk lov når utanlandsopphaldet varer i 3 månadar. Føresegna skal tolkast slik at når utanlandsopphaldet skal vara i minst 3 månadar, og foreldra gir beskjed til skulen før avreise, fell opplæringsplikta etter norsk lov bort når barnet forlèt landet. Om foreldra ikkje melder frå, eller det er uklart om opphaldet vil vara i minst 3 månadar, fell opplæringsplikta etter norsk lov bort når utanlandsopphaldet har vart i 3 månadar. 

Årsaka til utanlandsopphaldet har ikkje betydning i denne samanhengen. Det er berre lengda på opphaldet som er avgjerande.

Foreldre som ønsker å ta barnet/ungdommen med på ferie eller andre utanlandsopphald på mindre enn 3 månadar, må søka om permisjon frå opplæringa eller ta barnet ut frå skulen for privat grunnskuleopplæring i heimen. Sjå eigen tenesteomtale om privat grunnskuleopplæring i heimen.

Barn og unge som flytter til eit anna land, reknast ikkje som busett i Norge, og har heller ikkje rett og plikt til grunnskuleopplæring etter norsk lov. Deira rett og plikt vil vera regulert av lovene i deira nye bustadland frå den dagen dei reknast som busette der.

Nokon barn med kronisk eller langvarig sjukdom får tilbod om behandlingsreiser til utlandet gjennom det offentlege helsevesenet. Omsynet til barnets beste tilseier at slike behandlingsreiser bør vurderast som vanleg sjukefråvær, og skulen bør derfor samarbeida med foreldra/skuletilbodet på behandlingsstaden om opplæringa.  

Informasjon til føresette som skriv ut barn frå skulen

Dersom føresette vel å skriva elev ut, vil eleven per definisjon ikkje vera elev ved skulen lenger. Skulen har ikkje opplæringsansvar for elevar som er skrivne ut frå skulen. Skulemateriell og pc med tilbehøyr skal returnerast skulen.

Om eleven skal starta på ein annan offentleg eller privat grunnskule vil skulen senda melding til ny skule.

Viktige reglar som gjeld for elevar som er skrivne ut til privat grunnskuleopplæring i heimen

  • Retten foreldre har til å gi grunnskuleopplæring til eigne barn i heimen er slått fast i opplæringslova § 22-5.
  • Foreldre har plikt til å melda frå til kommunen dersom dei skal gi barna privat grunnskuleopplæring i heimen.
  • Den private grunnskuleopplæringa i heimen skal i følgje opplæringslova §22-5, 2. ledd oppfylla krava til formålet med opplæringa i § 1-3, krava i § 1-4 andre ledd om at opplæringa skal vera i samsvar med læreplanar for fag og § 1-6 første ledd om fag- og timefordelinga, forbodet mot forkynning i § 14-5 og krava i § 14-7 til korleis opplæringa om emna kristendom, religion, livssyn og etikk skal leggjast opp.
  • Kommunen skal føra tilsyn med at den private grunnskuleopplæringa i heimen oppfyller krava i andre ledd.
  • Når kommunen får melding om at eit barn skal få slik opplæring, skal kommunen opne tilsyn innan tre månader etter at opplæringa tar til. Kommunen kan krevja at barn som får privat grunnskuleopplæring i heimen, tar prøver som kan visa om opplæringa oppfyller krava i andre ledd.
  • Dersom opplæringa ikkje oppfyller krava i andre ledd, skal barnet gå på skulen.
  • Kommunen har ikkje plikt til å dekka kostnadar til lærebøker og materiell for elevar som har privat grunnskuleopplæring i heimen. Det følgjer ingen rettar til økonomisk kompensasjon frå kommunen med retten til privat grunnskuleopplæring i heimen.
  • Elevar som får slik privat grunnskuleopplæring i heimen, har heller ikkje rett til individuell tilrettelegging, særskilt språkopplæring, teiknspråkopplæring mv. Dersom dei føresette meiner at barnet ikkje får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa i heimen, må dei skriva barnet inn i den offentlege grunnskulen.
  • Eleven som mottar privat grunnskuleopplæring i heimen, får ikkje standpunktkarakterar og har ikkje rett til ordinært vitnemål frå grunnskulen. Det er ingen privatistordning ved eksamen i grunnskulen, og elevar som har gjennomført grunnskuleopplæringa si i heimen, kan ikkje ta privatisteksamen i fag på 10. trinn for å få karakterar og vitnemål. I staden skal kommunen skriva ut dokumentasjon på at grunnskulen er fullført.

Søknad om skuleplass / re-innskriving

  • Dersom elev er skriven ut av skulen, er det føresette sitt ansvar å skriva elev inn i skulen igjen dersom privat grunnskuleopplæring i heimen skal avsluttast. 
  • Føresette sender melding til rektor på skulen eleven soknar til (nærskulen). 
  • Rektor gjer vedtak om tildeling av skuleplass. 
  • Om nærskulen har kapasitet til å ta i mot eleven, vil elev få tildelt skuleplass ved nærskulen, men elev har ikkje garanti for at han blir plassert i same klasse som tidlegare. 
  • Om nærskulen ikkje har kapasitet, vil elev bli tildelt skuleplass ved annan skule.